Medvind-utbygging i Ølensvåg



Medvind24 Næringshage

  • Medvind24 Næringshage arbeidar for å skape vekst og utvikling i næringslivet i Vindafjord og Etne. Næringshagen har kontorfellesskap i både Etne, Ølensvåg og Sandeid.

Påbygget på sjøsida av Medvind-bygget blir 176 kvadrat stort, og skal etter planen opnast til hausten. Då vil ein kunne tilby rundt 90 kontorplassar i Ølensvåg. Dagleg leiar i Medvind24 Næringshage, Kari Aakra har eit mål om at også resten av bygget får eit ansiktsløft denne våren.

– Medvind er blitt eit attraktivt kontorfellesskap, det er mange bedrifter som er etablert her og trafikken er høg. Mange er innom oss eller nyttar møteromma våre. Eg vil påstå dette er blitt ein naturleg møtestad for næringslivet i regionen, slår ho fast.

Fleire kontorplassar

– Det er veldig viktig for oss at me til ein kvar tid har gode og attraktive kontorplassar, dersom fleire ynskjer å bli ein del av næringshagen, på lang eller kort sikt, meiner Kari Aakra. Ho meiner det er gledeleg at Omega tok initiativet til utbygginga, og ser også fram til at design - og kommunikasjonsbyrået Omega Design vil flytte bort i nybygget når det er klart.

– Det blir kjekt å få dei på plass igjen der borte, dei tek med seg mykje god kompetanse og spanande kundar inn i bygget. I tillegg blir det også plass til fleire bedrifter dersom dei ønskjer fast kontor hjå oss. Me har også fleire såkalla «pendlarplassar» tilgjengeleg, der folk kan få tilgang til ein god arbeidsplass og møteromsfasilitetar når ein treng det.

Gode møtepunkt

Arne Gunnar Habbestad i Omega Property står for utbygginga, og fortel at Omega også skal ta på seg interiør og ferdigstilling innandørs. I tillegg til kontorplassar vil det også bli bygd ein stor og god terrasse på sjøsida av bygget.

– Den blir om lag 100 kvadrat stor og blir ein naturleg møteplass på bygget, meiner han.

Kari Aakra er også oppteken av å skape gode møtepunkt for bedriftene i næringshagen, og meiner det er mykje kompetanse samla i næringshagen.

– Ein av dei viktigaste suksessfaktorane for medvind er å møte menneske frå andre bransjar, og ha folk med kompetanse frå heilt andre område enn ein sjølv samla under same tak. Ein skal ikkje undervurdera praten med ved kaffimaskinene, eller å ha ein kontornabo å banka på døra til når ein treng kompetanse frå eit heilt anna fagfelt. Dette er ein av dei viktigaste grunnane til at Medvind har lukkast som eit veletablert kontorfellesskap.

Til hausten håpar ein at smittesituasjonen er såpass under kontroll at ein kan arrangere ein open dag i samband med opninga av nybygget.



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details