MCE lanserer storavtale

MCE AS har inngått ny samarbeidsavtale med HIAB som blant anna omfattar montasje og påbyggertenester for samtlege produkt i porteføljen, deriblant kran og krokpåbygg.

 

- Det er svært gledeleg å få avtalen i havn. HIAB er ein markedsleiande aktør, og det er ein avtale det har vore jobba med i lang tid. Dette er eit tydeleg bevis på MCE sin kvalitet og leveranseevne. fortel dagleg leiar i MCE, Eldar Tranøy.

Hydrauliska Industri AB (HIAB) er ein svensk produsent av lastekraner, demonterbare containerar, skogkraner, truckmonterte gaffeltruckar og bakheiser. Selskapet er eigd av Cargotec Corperation og vart danna i 1944.

Avtalen inneber også at MCE blir autorisert HIAB Serviceverksted, slik at eksisterande kundar av HIAB-produkt nå kan få utført sine reparasjonar i MCE sin verkstad i Etne.

- HIAB har ein sterk posisjon i vår region og mange lokale aktørar har HIAB-produkt i dag. Nå kan dei få utført service og verkstadtenester hos oss.

Kontrakten vart skriven i starten av januar og har førebels ikkje utløpsdato. 

- Det har vore ein lang og grundig prosess der me har blitt målt opp mot andre aktørar i bransjen. HIAB ønskte ein samarbeidspartnar som hadde same kvalitet og vekstambisjoner som dei sjølve, og etter ei grundig evaluering falt valet på oss, forklarar Tranøy.

MCE sin avtale med HIAB er ei utviding av eksisterande portefølje, og MCE vil framleis tilby påbygg- og verkstadtenester for kundar av andre merker.

- Det er unikt i avtalen at me ikkje er knyta opp mot berre HIAB. Me er ikkje eksklusive med dei og kan fortsatt tilby tenester på andre merker og produkt enn det som ligg i HIAB sin eigen portefølje.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details