Matpris til Skakke Røykeri

Skakke Røykeri og Roy Martin Øyjord fekk tildelt Spesialitetsmerket for produktet Varmrøykt Skakkeaure på Gladmatfestivalen i Stavanger.


Til stades var både statsministeren og mat- og landbruksministeren, som og sto for overrekkinga. Det er Stiftelsen Norsk Mat som deler ut Spesialitetsmerket til eit knippe matprodusentar. Øyjord beskriv det å koma igjennom nålauge hjå dei som fantastisk.

– Eg set utruleg stor pris på dette, det er verkeleg eit kvalitetsstempel. Det var og veldig stas å ha statsminister Erna Solberg og mat- og landbruksminister Olaug Bollestad til stades.

Han trur det å få tildelt denne prisen kan gi ei positiv oppslutning rundt Skakke Røykeri, og det dei driv med. Både Øyjord og Mikal O. Viga frå Mikals Laks, som fekk Spesialitetsmerket for sin Absolut Tradisjon røykelaks, gjekk kledd i vikingdrakt, og kongebunad, noko han og meiner set dei på kartet hjå folk.

Lokalt levert

Lokalmatbedrifter, som Skakke Røykeri, slit framleis med å kome seg inn som del av sortimentet i daglegvarebutikkane som er styrte av dei store kjedene. Dette fører til at det blir vanskelegare for Øyjord å nå alle kundane som han ynskjer.

– Det er ekstra trist at innbyggjarane i Etne og Ølen ikkje får kjøpt vårt nye produkt som har fått så positive omtale i butikkane her, på grunnlag av kjedane som ikkje vil ta det inn, seier han.

Det er dette som er ein av hovudgrunnane til at Øyjord, i saman med Frode Selvaag frå Ryfylkekokken, oppretta nettstaden «Lokalt levert». Her blir dei beste matprodukta frå småskalaprodusentar i heile Noreg samla for sal og køyrt ut til kundane på faste utleveringsplassar. Neste utleveringsrunde i august skal dei innom over 90 stadar i Sør-Noreg.

– Responsen har vore stor på «Lokalt levert», så me gler oss til å setja skikkeleg i gong, fortel Øyjord.

Eit hardt fjorår

Korona-året var, som for mange andre bedrifter, eit hardt år for Skakke Røykeri. Etter nedstenginga var det eit tidspunkt der Øyjord vurderte om han sjølv måtte avvikla.

– Koronaen ga oss eit tøft år. Eg måtte stoppe å betala ut løn til meg sjølv og me var ikkje langt i frå å stenga dørene. Så langt i år har det gått betre, men me har framleis eit stykke igjen til målet, fortel Øyjord.

Sjølv om ikkje Spesialitetsmerket-prisen gir umiddelbar valuta i kassen, så er det med å setja Skakke Røykeri på kartet.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details