Går nye vegar for å skaffe fagfolk



– Det er ei utfordring å få tak i erfarne anleggsmaskinførarar, både hjå oss og i heile bransjen er det eit generasjonsskifte no. Det er auka aktivitet hjå mange, og dermed aukar og behovet for fleire tilsette. Gjennom koronaperioden hadde me ikkje praksiselevar, difor er me ekstra sårbare no, seier Linda Bjelland Skjold hjå Ottar Skjold Maskin. 

Behovet for fagkompetanse i bygg og anlegg er stort. Medan politikarane peikar på at det blir oppretta så mange skuleplassar som næringa sjølv meiner dei treng, meiner Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene (OKAB) at det trengs betrakteleg fleire skuleplassar for å demme opp for rekrutteringsbehovet i bedriftene. Som resultat av dette satsar fleire bedrifter på alternative opplæringsløp for sine lærlingar, i desse løpa går eleven fleire år i lære, kombinert med deltidsundervisning. Hjå Ottar Skjold Maskin AS er dette framleis på tankestadiet.

Lærlingar i bygg - og anlegg

  • Søkjartala til vidaregåande opplæring i Rogaland viser at rett over 54 prosent har søkt yrkesfagleg opplæring for skuleåret 2021/2022. Det er ei auke på 1,9 prosentpoeng samanlikna med i fjor.
  • I Vestland fylkeskommune har 53 prosent av elevane søkt seg til yrkesfag i år.
  • I Rogaland har 31 elevar søkt læreplass som anleggsmaskinførar, alle har fått plass. Til samanlikning var det 141 elevar som søkte læreplass i tømrarfaget.
  • Finnfag.no som er læreportalen for lærebedrifter, lærlingar og rådgjevarar i Sunnhordland og Haugalandet viser nett no ingen ledige læreplassar som anleggsmaskinførar, men blant anna sju ledige læreplassar i betongfaget og 13 ledige i tømrarfaget.
  • På Øksnevad VGS hadde dei i år 85 søkjarar til 60 elevplassar på anleggsteknikk.


– Me har tradisjonelt sett hatt lærlingar i 2 år før dei tar fagbrev, då har dei kome frå vidaregåande skule og gjerne hatt praksistida si hjå oss slik at me kjenner dei godt. Me er ei lita bedrift med 17 tilsette, så her er det viktig at lærlingane finn seg til rette i miljøet, meiner Bjelland Skjold.

Alternative løp

Hjå Ottar Skjold Maskin vurderer dei no læreløp der ein blant anna kan gå eit år på skule, og så tre år i lære.

– Me vil jo helst at dei går 2 år på skule, men snittet er høgt og med så få plassar blir det mange om beinet. Me ynskjer jo å få tak i dei som er gode i faget sitt, ikkje dermed sagt dei som har høge karakterar. I ei slik løysing som dette står me litt friare, fortel Bjelland Skjold og viser til at dei i sommar hadde ein ungdom inne på sommarjobb som og har søkt seg skuleplass på Øksnevad VGS og heldigvis fekk plass. Denne eleven har allereie hatt ein praksisperiode i bedrifta, og kjem tilbake i ny praksis veka etter haustferien, også kalla Yrkesfagleg fordjupning (YFF).

– Me likar at me no er til bake til tilnærma normalen etter korona, og kan ta imot elevar i praksis igjen. Dette er bra for rekrutteringa, me har og ein mekanikarelev i praksis ein dag i veka i haust. Elevane bør få ha med meir yrkespraksis frå ungdomsskulen allereie for å bli kjent med ulike yrke, og få bli kjende med moglegheitene dei har om dei ikkje kjem inn på den linja dei ynskjer. I teorien kan ein starta i praksis allereie etter 10. klasse.

Linda Bjelland Skjold viser til at bedrifta har auka oppdragsmengd både innan store og små prosjekt i grunnarbeid eller oppdrag innan vatn og avløp.

– Fordelen med å vere lærling i ei lita bedrift er at du får ta del i særs varierte arbeidsoppgåver. Samstundes er me avhengige av sjølvstendige lærlingar som ser oppgåver sjølv.

Image
Lars Hovda og SMV fekk prisen som Årets Lærebedrift under Næringsgiv i 2018. Han meiner lærlingane i bedrifta er viktige for den langsiktige rekrutteringa.

Kampen om dei flinkaste

Sunnhordland Mekaniske Verksted (SMV) har i dag fire lærlingar, og dagleg leiar Lars Hovda peikar på kor mykje lærlingane betyr for bedrifta, og ikkje minst den langsiktige rekrutteringa.

– Nå ser me at mange større industriprosjekt startar opp igjen , og dermed aukar kampen om dei flinkaste fagfolka. Det er viktig at lærlingane våre kjem tidleg inn i bedrifta, og får erfaringsoverføring frå eldre kollegar som har lang fartstid. Det er ein vinn-vinn-situasjon for begge partar, seier han.

Også hjå SMV har dei vurdert alternative løp, men har ingen konkrete planar om oppstart av dette no.

– Me er og interessert i dei som har fagbrev og som gjerne vil gå vidare på teknisk fagskule. Me vil gjerne ha praktiske ingeniørarar som både har fagbrev og høgare utdanning, dei er aller mest attraktive, slår Hovda fast.

Treng fleire skuleplassar

Geir Boge er dagleg leiar i OKAB Hordaland og Nord-Rogaland. Han brenn for å auke det han meiner er eit for lågt tal på skuleplassar i bransjen.

– Eg trur me på grunn av dette vil gå glipp av mange flinke ungdommar. Dei alternative løpa som bedriftene legg opp til er gode, men bedriftene er ikkje så vane med dette, og på vegen mistar ein litt av skulemiljøet og det sosiale på skulen, meiner han.

– Samstundes får lærlingen og bedrifta meir tid saman, og ein lærer å kjenne kvarandre betre, det er positivt. Dersom me går fire år tilbake i tid så var det fleire elevar som gjekk det ordinære løpet på 2+ 2 år, no har det snudd og me ser betrakteleg fleire som fullfører andre type løp.

– Det er klart det er ei utfordring at søkjartala er såpass mykje høgare enn det er skuleplassar, dermed går karakterkravet kraftig opp. Bedriftene på si side har ei rekrutteringsutfordring, og eit krav om å ha lærlingar i større offentlege anbod.

Boge ser også at skilnaden i behov for skuleplassar på ulike linjer kan vere stor.

– Det er klart, i nokre fag dimensjonerer fylket opp for arbeidsløyse. I andre fag så er det underdimensjonert, meiner han.

Dimensjonerer ikkje for «toppane»

Solveig Ege Tengesdal (KrF) er leiar av opplæringsutvalet i Rogaland fylkeskommune. Ho meiner tett kontakt mellom skule, fagopplæringa i fylkeskommunen, kommunane og lokalt næringsliv samt opplæringskontor skal sikre god rekruttering av fagfolk.

Image
Solveig Ege Tengesdal (KrF) er leiar av opplæringsutvalet i Rogaland fylkeskommune og meiner skuletilbodet i bygg - og anleggsfag er godt dimensjonert. (Foto: Rogaland fylkeskommune, Elisabeth Tønnessen)

– Denne kontakten er avgjerande for korleis me som skuleeigar dimensjonerer dei enkelte yrkesfaga. Det er viktig for ungdommane at dei er trygge på at dei får læreplass når dei har starta på yrkesfag. Så kan det vere at nokre vel å ikkje gå ut i lære, men heller søkjer påbygg for å få studiekompetanse. Det betyr færre lærlingar enn det næringslivet var førespegla, men det kan også vere eit alternativ dersom det på tidspunktet dei er klare for å gå ut i lære er usikre på om dei får eller framleis er interessert i å gå ut i lære, seier ho.

Saman med fagopplæringssjef i Rogaland fylkeskommune, Catrine Utne Pettersen meiner ho biletet om elevplassar kontra næringslivet sitt behov er noko meir nyansert.

– Spørsmålet er også om ungdommar, og vaksne, vel rett yrkesfag. Erfaringane viser at for mange elever vel same utdanningsprogram, og fag. Over år har det til dømes vore mange søkarar til elektrofag og helsearbeidarfag utan læreplassar. Fleire bør velje med hovudet, og ikkje berre med «hjarta». Kor får eg jobb, er eit spørsmål som fleire burde stille seg, sjølvsagt kombinert med ei interesse og evne for faget. Vifta i yrkesfag er stor, og det finst særs mange fag som søkjarane eller ofte rådgjevarane ikkje veit om, seier Utne Pettersen og held fram:

– Rogaland utdannar flest fagarbeidarar til industrien i landet. Me dimensjonerer for normal produksjon og drift og ikkje til «toppane». Det tar fire år å utdanne ein fagarbeidar, og konjunkturane svingar raskt, spesielt i vår region. Dimensjonerer me for toppene, risikerer me å utdanne mange til arbeidsløyse og over tid vil ein dimensjonering av klassar som er basert på gode tider, kunne gi mangel på læreplassar når det kjem nedgangstider

– Kan kampen om skuleplassane føre til at ein mister dei som er praktisk flinke, men som ikkje nødvendigvis har gode karakterer?


– Det kan nok vere tilfellet for populære yrkesfag. Samstundes så skal det så langt som det er mogleg vere samsvar mellom talet på skuleplassar og talet læreplassar. I dei fleste fag er det diverre ikkje slik lenger at det er nok å vere praktisk flink, og eg meiner me ikkje lenger må snakke om at viss ein er «flink med hendene så må/kan ein velje yrkesfag. Mange av faga har ein særs avansert maskinpark og faga er særs tekniske. Ein må kunne lese, og forstå avanserte manualar og liknande, gjerne på engelsk, seier Catrine Utne Pettersen.

Auke i søkjartal

Søkjartala til vidaregåande opplæring i Rogaland viser at rett over 54 prosent har søkt yrkesfagleg opplæring for skuleåret 2021/2022. Det er ei auke på 1,9 prosentpoeng samanlikna med i fjor. Utne Pettersen peikar og på at demografi er viktig i denne saka.

– Det nyttar ikkje å auke elevplassar viss tilgangen på søkjarar ikkje står i samsvar. Situasjonen i Nord-fylket er at det kjem til å vere ein nedgang i talet ungdommar sidan nokre årskull er små. Dette kan på sikt demmast opp for fleire vaksne søkjarar, som i dei fleste tilfelle vel å gå mot yrkesfag. Fullføringsreformer peikar mot at vaksne, og ungdom, vil få fleire rettar knytt til opplæring.

Karianne Torvanger (Ap) er leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune. Ho er stort sett samd med kollegaen i Rogaland og meiner forhaldet mellom skuleplassar og læreplassar er godt dimensjonert. Ho peikar på at om lag 53 prosent av elevane i Vestland søkjer seg til yrkesfag.

– Me riggar som regel opp utdanningsbehovet rundt 1. november, så det er klart at ein kan vere open for innspel her. Me har ei yrkesfagnemd der partane frå næringslivet og er representert, og som skal gi eit godt grunnlag for å vise kva behov som finst i næringslivet, seier ho.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details