Inviterer næringslivet til å gi si stemme

I 2021 -2022 reviderer Vindafjord kommune kommuneplanen sin, og i haust ynskjer dei å høyre kva næringslivet meiner. Gjennom eit næringsmøte og den såkalla gjestebodsmodellen, kan næringslivet vere med å gi si stemme for framtida.


- 28. september inviterer kommunen til eit næringsmøte der det vil bli gitt informasjon om kommuneplan, prosess og medverknad. Der vil det og bli forklart korleis ein kan gjennomføre gjestebodsmodellen, seier kommunalsjef for samfunnsutvikling, Anne Sofie Sandvik.

Gjestebodsmodellen er eit verktøy for å uttale seg om både samfunnsdelen og arealdelen, eller ein av dei. Det kan vere ei bedrift, eller representantar frå ulike bedrifter som går saman om eit møte dei registrerer hjå kommunen på førehand. Under gjestebodet drøfter ein valfrie fokusområde knytt til arealdelen og/eller samfunnsdelen. Det som ein kjem fram til i møtet, vert sendt tilbake til kommunen som eit felles innspel.

- Gjestebod kan gjennomførast mellom 28. september og 30. oktober og kommunen kan også stille opp og vere delaktig i gjestebod eller dialogmøte, om det er ynskjeleg, opplyser Sandvik.

Ein heilskapleg plan for framtida

Alle kommunar i Noreg skal ha ein kommuneplan for korleis ein skal bygge og utvikle kommunen over tid. Planen består av to deler, ein samfunnsdel og ein arealdel. Til saman skal dette utgjere ein heilskapleg plan for lokalsamfunnet. Kommunen er lovpålagd å inkludere innbyggjarane i ein medverknadsprosess.

Satsingsområde for samfunnet

Samfunnsdelen legg vekt på korleis innbyggjarane skal ha det i kommunen. Vindafjord kommune har vedteke nokre konkrete satsingsområde.

Vindafjord kommune skal ha attraktive lokalsamfunn der det er godt å bu og ein har gode og varierte jobbmoglegheiter. Vidare skal ein ha framtidsretta tenester som fører til gode liv og livslang læring. Det skal også vere ein berekraftig kommune der særleg åtte av dei 17 berekraftsmåla er vektlagde:    

  • God helse og livskvalitet (3)
  • God utdanning (4)
  • Reint vatn og gode sanitærforhold (6)
  • Anstendig arbeid og økonomisk vekst (8)
  • Bærekraftige byar og lokalsamfunn (11)
  • Ansvarleg forbruk og produksjon (12)
  • Stoppe klimaendringane (13)
  • Samarbeid for å nå måla (17) 

Kor skal ein bygge og ikkje bygge?

Arealdelen er ein plan for kor ein skal bygge og ikkje bygge for å nå måla i samfunnsdelen. Den skal fordele areala i kommunen til ulike føremål, som natur, næring, bustadar og offentlege bygningar. Det må og tas omsyn til rasfare, flaum og vern av kulturminne. I plankartet som ligg ute på kommunen sine nettsider, er areala merka med ulike fargekodar. Gult betyr bustadar eller at det er klargjort for bustadbygging. Lilla betyr næringsareal og grønt betyr landbruk, natur og friluftsliv.  

- Det er lagt ut lenkje til arbeidet med kommuneplanen på framsida av kommunen sine nettsider. Der finn ein siste nytt om arbeidet med planprosessen, korleis medverke og kven du kan ta kontakt med om du har spørsmål. Kommunen har og publisert ein video der ei presenterer prosessen. Me vonar næringslivet møter opp på næringsmøtet 28. september og gir sine innspel til ein god og heilskapleg plan for Vindafjordsamfunnet, avsluttar Sandvik.    

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details