Liv på Lundeneset

50 år med internatskule og meir enn 3400 elev-opplevingar. Mange gode og ikkje minst kuriøse historier frå Lundeneset sto på programmet under jubileumsfesten i helga.


Denne helga blei femtiåringen Lundeneset VGS feira, tre dagar til ende. Fredag kveld fortalde tidlegare elevar og tilsette om «Mitt Lundeneset», deira minne og historier frå tida på internatskulen. 

Ein stad å bli sett 

Song og kormiljø var ein viktig del av dei tre åra på Lundeneset for Solfrid Haraldsdeid. - Det å få syngja solo var ei anerkjenning som betydde mykje, fortel ho. Her frå ein elevkonsert i 2006. Foto: Lundeneset VGS

For Solfrid Haraldseid var Lundeneset ein pangstart på det sosiale livet. 

- Plutseleg skulle eg bu heimefrå, borte frå foreldre og saman med meir enn hundre andre ungdommar 24 timar i døgnet. I denne alderen er me jo alle i ein utviklingsfase, og det blei nok gjort mange både gode og mindre gode val i løpet av dei tre åra, ler Haraldseid, som hadde sitt første år på allmennfag ved Lundeneset i 2005. 

For første gong måtte ho forhalda seg til autoritetar som ikkje var hennar eigne foreldre. Likevel sitt ho ikkje att med minner om lærarar på vakt. Elevane skjøna fort at dette var lærarar som brydde seg. 

- Lærarane involverte seg verkeleg. For dei var det ikkje berre ein jobb, men ein livsstil, og me forsto at dei verkeleg brydde seg om oss. Det trur eg også smitta over på oss elevar, seier ho. 

Haraldseid hadde gått på både kristen barne- og ungdomsskule, og valde også kristen vidaregåande. Men her møtte ho også mange med anna livssyn en ho sjølv. Det blei ein aldri så liten oppvekkar. 

Mitt Lundeneset er ein tilfluktsstad, ein stad for utvikling, ein plass å bli anerkjent, og bli sett. Ein vekseplass.



- Me blei oppmuntra til å ta eit personleg val om vår eiga tru. Eg vaks mykje på å møta og leva med menneske som hadde ei anna tru enn meg sjølv, seier Haraldseid. 

I tillegg til utdanninga, var dei tre åra på Lundeneset også ei utviklingsreise i det mellommenneskelege, meiner Haraldseid. 

- Det som gjerne betydde mest for meg i tida på Lundeneset var at me alle ble sett og anerkjende. Eg som likar å synga til dømes, blei trekt fram som solosongar i kor, noko som betydde mykje for meg. Det var ei tillitserklæring eg gjerne elles ikkje ville fått. Slike verdsetjingar betyr mykje for ungdom i den alderen. På Lundeneset blir ein sett, seier ho. 


Fløylov og utflukt til Knapphus 

Frå vesle Matre i Kvinnherad, flytta Torbjørn Hovland som 16 åring rett inn med meir enn hundre andre medelevar på internat på Lundeneset i 1981. 

"Storfamilie", nettverk, og tre oversosiale studieår. For mange er Lundeneset synonymt med akkurat dette. HEr er elevar og personale samla jubileumsåret 2015. Foto: Torodd F. Ottestad

- Eg treivst frå første dag. Der var det jo jenter og alt, ler Hovland. 

Men desse jentene var det ikkje berre berre med. Den gong rådde fløyloven på Lundeneset. 

- Det var fløylov to timar kvar søndag ettermiddag. Då fekk gutane besøke jentefløyen og motsett. Det var mykje strengare reglar den gongen, og sjølv om den fløyloven og innetidene til kl. 22:00 kunne vera utfordrande til tider, kjende me oss trygge med eit slikt regelverk, fortel Hovland. 

Det er to ting Hovland meiner å hugsa som har endra seg av betyding på internatskulen: regelverket og frukostbordet. 

- Kvar frukost var det ost, fårepølse og syltetøy. Heimelaga av sjølvplukka bær. Me hadde også faste plasser ved frukostbordet. Det kan verka strengt, men på den måten slapp me leita etter vener å sitja med, og nok ei ordning som fekk oss til å føla oss trygge, minnest han. 

Mitt Lundeneset er ein stad å møta andre ungdommar, ein stad der eg fekk forsterka interessa mi for det faglege, og ikkje minst ein stad der eg møtte trua mi.

Elevane måtte vera inne til kl. 22:00, likevel fekk dei nytta kveldane godt. 

- Når nokon av oss hadde bil, var det strake vegen til gatekjøkken på Knapphus. Det var stas, fortel han. 

Fjernsyn på romma var utenkeleg den gong. Men det hadde sine sosiale fordelar. 

- Eg trur ikkje eg såg fjernsyn i løpet av dei tre åra, til gjengjeld hadde me det utruleg sosialt. Alle kjende alle. Det sosiale, møtet med eit breitt spenn ungdom heng igjen som det viktigaste, i tillegg til den andelege dimensjonen, og den kristne trua han møtte på Lundeneset. 

- Og sjølvsagt betydde utdanninga litt også. For det var jo faktisk ein del av den òg, understrekar Hovland. 

Etter tre år saman på skule held elevane godt på dei tette nettverka frå Lundeneset, og avslutningsfestane betyr på ingen måte farvel. Foto: Lundeneset VGS

Over gjennomsnittet sosialt 

- «Mitt Lundeneset» er først og fremst det kristne fellesskapet. Her trefte med flotte folk, og mange vener som var med deg store deler av døgnet, fortel Olaf A. Hansen. 

Og det gjeld for så vidt enno for han, seksten år etter at han gjekk ut som russ i 1999. 

 - Eg møtte kona mi der, og store deler av vennekretsen min i dag er framleis vener som eg møtte på Lundeneset. 

Av minna frå Lundeneset som står sterkast igjen, er reisa til Afrika som del av misjonsprosjektet russekullet hans var med på. - Å få oppleva misjonslivet og den lokale kulturen i Kenya gjorde sterkt inntrykk, fortel Hansen. 

Elles er det fellesskapen, tryggleiken og det sosiale som pregar minna frå skuletida. 

- Me var ein over gjennomsnittet sosial gjeng. Det var om å gjera å få mest mogleg sosialt ut av alt, og nokre gonger kunne det vera ei utfordring å balansera skulegangen med det sosiale, men summen av det me fekk med oss av fellesskap, venskap, utdanning og forkynning av Guds Ord trur eg nærast er ein uslåelig kombinasjon, fortel Hansen. 

Storfamilien 

Leon Dyngeland var russ på Lundeneset i 1989, og returnerte som miljø- og informasjonsmedarbeidar i 1997. Saman med nåverande informasjonsmedarbeidar og lærar på skulen, Kåre Vignes, skal han pløya gjennom ei femti år lang skulehistorie på 15 minutt under første del av jubileumsfeiringa fredag kveld. 50 bilete skal illustrera endringa i skulen; frå elevkveldar, undervisning og kjærleiksliv på Lundeneset, den gong og nå. 

Blant dei historiene vil publikum få høyra om både gode og noko uheldige minne, som til dømes ein sprengt brusautomat. 

- Heile skulen, så nær som tilsynsvakta som låg vegg i vegg med brusautomaten, vakna av smellet. Ein elev hadde utvikla ei lita sprengsalve for å få tilgang til brusen, men hadde undervurdert krafta av rakettane han hadde mekka saman. Det var ikkje ei einaste heil flaske igjen etter at kraftsalva hadde gått av. At den tilsynslæraren ikkje for til himmelen er eit under, fortel Dyngeland. 

På Lundeneset er det alltid nokon som bankar på døra di

Ein av suksesskriteria for ein skule som Lundeneset, meiner Dyngeland, har vore eit personale som greier å balansera rollene i samspel med elevane. 

- Du er lærar på dagtid, foreldre på kveldstid, og på elevkveldar og sosiale samlingar skal du vera kompis og gjerne showa rundt hendingar frå klasserommet tidlegare i veka. Du skal vera både autoritet og ven. Det har vore ein nøkkel til suksess på Lundeneset, fortel Dyngeland. 

- Nøkkelen til suksess på Lundeneset har vore eit personale som klarer balansen mellom å vera lærar, føresett og kompis med elevane, seier tidlegare miljøarbeidar Leon Dyngeland.  Her er det god tone mellom rektor Gustav Løge Fosse (t.h)  og Marit Berge (f.v), Tiril Irene S. Drange, Steinar Stuhaug, Rebekka Austneberg og Jostein P. Hestdal. Foto: Lundeneset VGS

Denne relasjonen mellom lærarar og elevar har vore gjengs åra gjennom, seier han, sjølv om mykje anna har endra seg. Lundeneset har til dømes vakse ut av si eiga vesle verd innanfor skuleområde, meiner han. 

- Det lokale engasjementet i både idrettsliv og politikk i Vindafjord har vakse i Lundeneset-miljøet. Då me var ein mindre skule var det mange av dei tilsette som ikkje hadde kapasitet til å engasjera seg utover ein allereie travel arbeidskvardag, som også var ein livsstil med kvelds- og nattvakter. I tillegg er det heller ikkje å stikka under ein stol at skiljelinjene mellom bedehus, idrett og sosiale møtestader er blitt meir utvaska. 

For Dyngeland er «mitt Lundeneset» synonymt med «storfamilie». Både som elev og lærar. 

- Ein ung gut frå ei mindre bygd skulle starta hjå oss, dette var første året hans heimanfrå. Mora rekna med ho måtte henta han heim i løpet av første veka. Han var ein introvert type, og hadde ikkje hatt mange vener som banka på døra heime. Men det gjekk motsett veg enn det mora frykta. Sonen ringde ikkje heim ein einaste gong, og frå å vera einsam heime, var det sosialt med gode vener døgnet rundt, fortel Dyngeland. 

 - På Lundeneset er det alltid nokon som bankar på døra di.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details