Kvinner om kvinnedagen

Kjersti Granmo Nerheim

Dagleg leiar
Fiskå Mølle Etne 

 

– Har du nokon gong opplevd noko i arbeidslivet som ein mann ikkje ville opplevd?

– Ja, det har eg og det trur eg mange kvinner har. Til dømes har eg fått spørsmål om  familieplanlegging i samband med tilsetjing, noko få menn blir møtt med. 

– Kva er ditt beste råd til jenter som skal velja utdannings- og yrkesveg i dag?

– Vel ei utdanning innanfor fag du interesserer deg for. Tenk igjennom kva type arbeidsoppgåver du kunne tenkt deg. Snakk med folk som har jobbar du synes verkar spennande og sjekk ut kva bakgrunn dei har. Sannsynlegvis finn du at ei utdanning kan føre mange ulike vegar i yrkeslivet.

– Kva tenkjer du er det viktigaste me kan gjere for å sikra fleire kvinner i mannsdominerte bransjar og i leiarstillingar?

– Synlege rollemodellar. Kvinner må heie på kvinner og oppmode kvarandre til å søkje leiarstillingar. Kvinner må også våge å ta ansvar og gå utanfor komfortsona. 

– Om du skulle leie kvinnedagsmarkeringa i dag: kva ville din parole vore?

– Abort er kvinners val – avskaff nemndene


Anne Sofie Sandvik


Kommunalsjef for samfunnsutvikling
Vindafjord kommune


– Har du nokon gong opplevd noko i arbeidslivet som ein mann ikkje ville opplevd?

– Eg har i liten grad opplevd dette, kanskje det handlar mest om mi grunnstilling i livet, og kanskje er eg er ein smule naiv.  Det einaste eg har opplevd nokre få gonger er forsøk på hersketeknikk. Det fungerer særs dårleg på meg. Når det blir brukt registrerer eg det som om motparten har gått tom for gode argument.  

– Eg trur sjølv at det er lurt både i livet og arbeidslivet generelt å forholda seg til menneske, og ikkje kvinner eller menn.  I tillegg har eg ei klar forventning om at dei eg møter i arbeidslivet også skal forhalda seg til mennesket Anne Sofie. Eg møter med min kompetanse, engasjement, respekt og interesse i møte med dei eg skal samarbeide med og forventar det same frå dei. Det at eg i tillegg er godtruande gjer at eg heller kanskje ikkje oppfattar å bli behandla annleis.   

– Kva er ditt beste råd til jenter som skal velje utdannings- og yrkesveg i dag?

– Eg har sjølv tre jenter som enten skal velje nå eller snart skal velje utdanning- og yrkesveg. Eg trur mange unge i dag meiner at det er uendeleg mange ulike vegar å velje blant. Mitt råd er difor berre å velje etter interesse og engasjement, noko som kan vere vanskeleg nok. Eg tenkjer og at det eigentleg ikkje er nokre val som er feil, for det er aldri dumt å få med seg kompetanse sjølv om ein vel ein annan veg seinare. Eg trur og at ungdommane våre kjem til å ta betre berekraftsval når det gjeld yrkesval enn det me gjorde.  

– Kva tenkjer du er det viktigaste me kan gjera for å sikra fleire kvinner i mannsdominerte bransjar og i leiarstillingar?

– Av eigen erfaring er det heilt klart best å ha eit arbeidsmiljø som har god kjønnsbalanse. Det tar tid å endre samfunnet si tradisjonelle oppdeling i kvinneyrke og mannsyrke. Det er framleis særs mange som ser for seg ei kvinne når det blir snakka om sjukepleiarar eller ein mann når det blir snakka om ein elektrikar. Gode førebilete i yrkene er viktig og ikkje minst korleis yrkene blir framstilt og marknadsført. For eit par år sidan meiner eg det var 14 jenter som begynte på elektrikarlinja på Ølen VGS. Me er og flinke i kommunen til å framsnakke menn i helse og det må me fortsetje med.

– Eg trur ingen av våre yrkesval i dag er betre eigna for eit kjønn, alt handlar om korleis yrke blir marknadsført eller oppfatning av yrket i samfunnet vårt. Lik lønn for likt arbeid og rett løn ut frå krav til stillinga og kompetanse er derfor framleis veldig viktige saker.

– Når det gjeld leiarstillingar er det litt vanskelegare.  Eg trur det framleis skal langt meir til for at ei kvinne skal kjenne seg kvalifisert til ein slik stilling enn ein mann. Det er og langt igjen til at kvinner og menn blir likestilt i heimane, her må ein endre innstillingane til både kvinner og menn. Eg trur kvinner i større grad enn menn vurderer totalbelastning på jobb og heime i forkant av søknad. I Vindafjord kommune er over 90 prosent av våre einingsleiarar kvinner, men berre to av seks i toppleiargruppa er kvinner. 

– Om du skulle leie kvinnedagsmarkeringa i dag: kva ville din parole vore?

– Eg er nok ikkje så god på parolar. Eg meiner me må jobbe på fleire område kvar dag, det er ikkje ein parole som vil endre noko til det betre for alle. 


Merete Vårvik Matre

Director People & Community 
AutoStore

 

– Har du nokon gong opplevd noko i arbeidslivet som ein mann ikkje ville opplevd?
– Ja, det må eg nok seie. Me har jo nokre klassikarar som lønnsnivå og kaffikoking. I tillegg hadde eg ei vanskeleg og «lærerik» sak for nokre år sidan, der ein ekstern aktør ikkje klarte å skilje rolle, oppgåver og person. Det enda i personangrep, uprofesjonell og ufin behandling mot meg. Eg er ikkje heilt sikker på om det hadde føregått på same måte om det sat ein mann i mi rolle.

– Kva er ditt beste råd til jenter som skal velja utdannings- og yrkesveg i dag?
 –  Mitt beste råd til både jenter OG gutar i utdanningsval er å følgje eigne interesser og nysgjerrigheit. Ikkje la deg påverke av andre sine meiningar og forventningar. For med den «eigenfyrte» motoren i botn får du ein atskilleg betre og meiningsfull kvardag både i studiar og arbeidsliv. Eit generelt råd til jenter i yrkesval og karriereveg er vel å rekke opp handa til stillingar, arbeidsoppgåver og roller sjølv om ein føler seg underkvalifisert eller ikkje har rett bakgrunn. 

– For hugs, det du ikkje kan og det du ikkje veit, det kan du lære. Det gjer alle. Uansett kjønn. 

– Kva tenkjer du er det viktigaste me kan gjera for å sikra fleire kvinner i mannsdominerte bransjar og i leiarstillingar?

– Først og fremst må eksisterande leiarar, styrer og leiargrupper innsjå at mangfald og diversifisering ikkje berre er ein del av eit langsiktig arbeid for likestilling, kjønnsbalanse og likeverd, men at det også gir auka lønnsemd og verdi til bedriftene. Det kan visast til opptil fleire forskingsrapportar som understøtter dette. Det handlar heller ikkje berre om kjønn, det handlar om alder, legning, kulturell bakgrunn, nasjonalitet, formell og uformell bakgrunn osv. 

– Og med denne kunnskapen må me endre måten det blir rekruttert på til leiande roller, styreverv og andre nøkkelroller. Det kan handle om kompetansekrav, stillingsskildringar, vekting av kandidatar, kandidatsøk og interne utvikling- og vekstprogram. For me kan ikkje bruke copy/paste for å få til endring.

– Om du skulle leia kvinnedagsmarkeringa i dag: kva ville din parole vore?
 – Alle Med! [Styrebordet. Leiargrupper. Fagmedium. Beslutningstakarar. Verv. Rollemodellar.]

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details