Koronamidlar til treningssenter


Frisk Treningssenter søkte opphavleg Vindafjord kommune om 360 000 i koronastøtte, av dette fekk dei 103 500 kroner. Treningssenteret har hatt stengte dører i fire månadar det siste året, og har framleis ein person permittert, dei sysselset 22 personar i totalt fire årsverk.

– Det hjelper absolutt på, og bidreg til at me kan halde hjula i gang. På mange måtar er denne støtta ei livline no framover, meiner Andreas Hustveit.

– Bedrifta vår er i ein litt spesiell situasjon også, sidan folk no gjerne ventar med å melde seg inn igjen på treningssenteret til hausten, sommaren er som regel lågsesong for oss, seier han og peikar på at dei i dag har auka talet på gruppetimar, for å ha nok plass til dei som vil trene.

Trygg trening

Smittevern og stadig nye restriksjonar har gitt han som dagleg leiar eit tøft år gjennom koronaperioden. Likevel er han optimist og meiner det må vere lov å drøyme om at det snart blir normale tilstandar igjen.

– Eg trur nok neppe me har heilt normal drift før i januar 2022, det er ei god stund til. Det er klart det har vore krevjande, men eg har aldri tenkt at no får det vere nok. Me skal kome oss gjennom dette., sjølv om det har vore tøft Eg trur ikkje folk alltid tenkjer på kor mykje jobb som ligg i å drive ei bedrift, om det er gullsmed, plantesal eller treningssenter, det er mange lange kveldar, seier Andreas.

Han rosar kundane som har klart å fylgje reglar og lovar som heile tida har vore i endring. For Andreas har det viktigaste vore at alle har følt at dei kan trene trygt på senteret.

Tøffe prioriteringar

Anne Sofie Sandvik i Vindafjord kommune fortel at alle som søkte om koronamidlar i denne runden kunne fått støtte innafor kriteria. Isåfall kunne ein delt ut om lag kr 25 000 til kvar, noko ho meiner ville vore urettferdig sett opp mot storleik på verksemdene og kva dei har søkt om.

– Det vart totalt søkt om 8 millionar, og me hadde 800 000 kroner å dele ut, så det er klart det har vore nokre tøffe prioriteringar. Me har forsøkt å prioritere fram dei som har flest tilsette og som driv innan fleire felt, som overnatting, reiseliv, servering og arrangement, fortel ho og viser til at det er varsla ein ny runde med støttemidlar, men at kriteria for denne runden framleis ikkje er på plass.

Andre bedrifter som fekk støtte frå Vindafjord kommune er Jursa Sport med 45 000, Christiansen Bakeri med 37 000, Ølen Kulturhus med 93 000, Plassabakeriet med 19 000, Meierikjellaren med 29 500, Moa Hundseids Expeditions med 23 000, Unni Marie Lien med 54 500 kroner, Frøken Fryd med 57 000, Vikedal kro og motell med 121 000, Urmaker Arnestad med 31 000, Ebnes Hagesenter med 48 000, Nesheimstunet med 112 000, Handelshuset i Ølen med 23 500 og Hans & Grete med 18 000 kroner.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details