Tre dagar i arbeidslivet 

Elevane i 10. klasse på Ølen skule har blitt kasta ut i arbeidslivet for å oppleva korleis det er å vera i jobb, og er blitt nokre erfaringar rikare før dei skal velja yrkesveg vidare.  To av elevane har arbeidd som journalistar i Medvind24 og har vore på reportasjetur hjå medelevar på jobb. 

Foto og tekst: Magnus Djuve Vågen og Morten Freitag Halleland, 10.klasse, Ølen Skule 

Amalie Opstvedt og Kjerstin Lothe Haga har storkost seg bak disken på Baksten i Ølen dei tre jobbdagane, og vil gjerne jobba meir på bakeri. Men i vaksenlivet vil dei begge gå heilt andre retningar. 

Kvart år blir elevane på ungdomskulen sendt ut i arbeidslivet for å finna meir ut om kva for ein jobb ein ynskjer å ha når ein blir vaksen. Dei fleste har fulgt interessa si når dei har vald arbeidsplass for jobbdagane, og har blitt nokre erfaringar rikare om yrkesvegen vidare. Her kan du lesa kva nokre av dei synst om vaksenlivet i arbeid, etter tre dagar i jobb. 

Kakekos 

Baksten bakeri i Ølen har Amalie Opstvedt og Kjerstin Lothe Haga pynta kaker, laga julepynt, rydda, vaska opp, pakka esker, sjekka grader, ete mat og gjort mange andre kafe-ting. Dei synst begge at dette var ein kjempekjekk jobb, og dei håpar også å få arbeida  her neste år eller i sommarferien.

 - Det har vore ein veldig koselig jobb. Forhåpentligvis kan me arbeida her igjen til neste år. Mange kjempekoselige folk, fortel Amalie og Kjerstin. 

Men når jentene skal velja vidare utdanning, er det nok ikkje bakarfaget som står på første plass. Amalie vil utdanna seg til psykolog, medan Kjerstin ønskjer å bli anten fysioterapaut eller advokat.

Fekk arbeida med born 

Maria Økland likar godt å jobba med born, og valde difor Ølen skule som arbeidsplass for dei tre jobbdagane. Lærarane på skulen gav ho jobb i 2. klasse og på SFO, der ho fekk observera og passe på borna. 

 - Eg synst det var kjekkast med alle dei forskjellige aktivitetane eg gjorde saman med borna på SFO. Det var kjekt å jobba på skulen, men eg kunne tenkt meg å bli barnelege i staden for lærar. Men eg fekk oppleva korleis det er å arbeida med born, så eg er veldig nøgd, seier Maria. 

Eline Hundhammer Siglen har arbeidd i fjerde klasse på same skule og har hatt ansvar for å hjelpa til i timane, og hjelpa til med å retta elevane sine lekser. 

- Eg har retta norsklekser og hjelpt ungane i nokre klassetimar. Og så har eg rydda gangen etter dei, fortel Eline, som også har halde styr på borna i friminutta, der det var tydeleg at borna synst ho var god underholdning. 

 - Det har vore kjekke og utfordrande dagar, men eg kunne tenkt meg å arbeida med noko innan helse vidare, seier Eline. 

Eit voldsomt slit 

 Tre av ungdommane valde arbeidsdagar hjå Ebnes Hagesenter. Maciej Bryczkowski, Otto Formo og Vegard Økland synst det virka å vera ein kjekk arbeidsplass, i tillegg til at dei alle likar blomar. 


 - Me har kosta, vatna, gjødsla, flytta på planter, hatt kappløp med vogner og lagd bark i hagen. Det aller meste var kjekt heilt til me skulle leggje bark i hagen. Det var eit voldsomt slit, fortel dei tre. 

Sjølv om Ebne var ein kjekk arbeidsplass dei tre dagane, har dei andre planar for framtida: Maciej ville satsa på elektrofag, Otto vil bli pilot og Vegard vil bli politi.

 Blei med på dansen 

Cathrine Korneliussen og Anette Espevik har hatt jobbdagar på Vågen skule

 - I løpet av den første dagen passa me på ungar som ikkje alltid var like lydige. I tillegg har me hatt kunst og handverk i fem skuletimar og musikk i ein, der me har dansa BlimE-dansen, fortel Cathrine og Anette. Det har vore kjekke dagar, meiner jentene. 

Men om dei skulle valt læraryrket på fulltid måtte det ha bli på mellomtrinnet eller ungdomskulen. 

 Bjørn Tore Lunde og Nisar Ghorbani har hatt trivelege dagar på Byggmix, men kunne gjerne vore ryddinga foruten. 

- Det var litt bråk, innrømmer jentene. 

Ryddmix 

Nisar Ghorbani og Bjørn Tore Lunde har arbeidd på Byggmix, ein arbeidsplass som stort sett  fall i smak. 

 - Det er ein trivleg plass å jobba, med masse kjekke folk. Me har rydda, snekra litt, malt, pussa, teikna, kasta søppel, sortert og levert dukker til Hans og Grete-butikken. Det å snikra, teikna og bruka hendene til arbeid var mykje kjekkare enn å kosta, sortera og sånn. Alle oppgåvene har vore greie, utanom ryddejobben, fortel Bjørn Tore og Nisar, som begge går med heilt andre planar for yrkeslivet vidare. 

 Bjørn Tore vil bli pilot, og Nisar draumer om å bli politi. 

Ida Vaka, Katrine Taraldsøy Heggen, Amalie Haugan og Astrid Haugland Gundersen har lagt bak seg tre dagar på Europris

 - Me har rydda hyller, vaska i godteriavdelingen, sett på plass varer på, og laga plakatar. Det har vore greie jobb dagar, med mykje variert arbeid, fortel jentene. 

Men sjølv om det var kjekk praksis, trur ingen av dei at det er butikkjobb dei vil satsa på framover. Ida vil bli politi, Amalie har lyst å arbeida med menneske og Katrine ønskjer å arbeida innanfor service.

 - Hundemat?! 

Lewis Paul Hoggett arbeidde på Fatland, og berre i løpet av første dagen fekk har laga esker, stabla skinn, pakka inn sauehovud og kasta gammalt kjøtt. I tillegg har han lært ein ting og to om kjøttbransjen. 

 - Det er viktig å bruke heile dyret. Mykje av kjøtet som er att blir lagd om til hundepølser, fortel Lewis, som trass tre innhaldsrike dagar ikkje ser for seg eit yrkesliv på slakteri i framtida. 

- Eg håpar å få jobba som snikker ein gong, seier Lewis. 

 



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details