Internasjonal konkurranse for lærlingar

Yrkesfag er i vinden for tida. Det er stort fokus på lærebedrifter og lærlingar. EU-kommisjonen og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) utfordrar i desse dagar bedrifter og lærlingar til å profilere yrkesfaga og motivera fleire til å velje yrkesfagleg utdanning.

Og korleis ønskjer dei å nå ut med bodskapen? Jo, sjølvsagt ved bruk av sosiale medier som Facebook, Twitter og Instagram. 

Lærlingane blir oppmoda til å leggje ut bilde eller videoar frå arbeidsplassane sine, og mellom dei 10 som får flest «likes» eller «favourites» skal EU-kommisjonen peike ut ein vinnar som får seg ein to vekers tur til utlandet for å lære språk – anten engelsk, fransk eller tysk. 

Blir det ein av dei mange lærlingane i ei av Vindafjord sine bedrifter?

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details