På jobben: Ingen dagar like

PÅ JOBBEN: Daniel Opheim (18) kjem frå Fikse i Ølen og har alltid vore interessert i å lage ting av tre. Læreplassen hjå Berge Sag vart eit heilt naturleg val.

 

Korleis fekk du denne lærlingplassen?

Eg var fyrst utplassert frå skulen, då spurde eg om å få vera her hjå Berge Sag. Eg ville gjerne ha læreplass her også, så då var det berre å prøva å gjera eit godt inntrykk. Då utplasseringa var ferdig fekk eg ja til å ha læreplass her.    

Kvifor valde du denne yrkesvegen?  

Eg valde denne yrkesvegen fordi eg har hatt interesse for arbeid med tre i oppveksten, så dette blei veldig naturlig for meg.  

Hadde du arbeidserfaring frå før?  

Eg har halde på med ein del snikkararbeid heime. Har vore med på å bygge på huset, i tillegg har eg laga ein del utemøbler på bestilling. Så eg har gjort ein del finare snikkararbeid enn å bygge hus tidligare.   

Kor i utdanningsløpet ditt er du nå?  

Eg har vore lærling nå sidan august, så eg har omlag eitt og eit halvt år igjen som lærling og etter det skal eg ta fagbrev.  Før dette har eg gått to år på vidaregåande skule på bygg og anlegg, og byggteknikk.  

Beskriv ein typisk arbeidsdag:  

Så langt har me jobba med veldig mykje forskjellig arbeid så ingen dagar har vore like.   

Akkurat nå held me på å byggja vegskjermar her inne på lageret som skal opp langs vegen. Nokre dagar er me ute og set opp desse, og då må me gjerne dra tidleg for å kunne starte med monteringsjobben i Haugesund klokka sju.  

I haust har me også gjort ein del arbeid for vegvesenet, der me har jobba med å støyredusera hus langs vegen. Då skiftar me vindauga og isolerer vegger.  

Etter påske skal me etter planen starte med husbygging og forventar at dagane då vert meir like kvarandre.   

Kva har du lært om jobben som du ikkje visste frå før?  

Eg har ikkje fått meg nokon overraskingar så langt og jobben er meir eller mindre sånn eg hadde sett føre meg, men eg har lært ganske mange triks som er lurt å kunne for at arbeidet skal gå meir effektivt og som lettar arbeidsoppgåvene som snikker.   

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details