Infoskjermen lanserer Glosepus


Glosepus

  • Sjekk ut Infoskjermen si gratis pugge-side her: Glosepus

Infoskjermen, eller Favo AS som selskapet heiter, er best kjent for utvikling av Infoskjermen.no og PinToMind.com som sikrar nyheiter og informasjon på veggen hjå omlag 2.800 verksemder i 26 land. Bedrifta, som har hovudkontor i Medvind-byget i Ølensvåg, vil gjerne lage gode løysingar på enkle kvardagsproblem, og har no lansert ei eiga nettside for dei som strever med å pugge gloser. Karen Hompland studerer til vanlig datateknologi ved NTNU i Trondheim. I sommar hadde ho sommarjobb hjå FAVO/Infoskjermen i Sirdal og i denne perioden fekk ho tid til å utvikle Glosepus.



– Det er vårt mål at programmet skal vere så enkelt som mogleg. Her legg ein enkelt inn orda ein skal øve på, og får tilgang til ulike hjelpemiddel som at ein kan tjuvkikke på ordet eller sjå kor mange bokstavar som trengs. Ein kan og teste kor raskt ein kjem seg gjennom orda, slik ein og kan konkurrere mot kvarandre, fortel Andreas Høyland.

Image
Karen Hompland hadde sommarjobb i Infoskjermen/Favo og fekk sjans til å utvikle Glosepus. (Foto: Infoskjermen)
– Sjølv om dette ikkje er noko hovudprodukt for oss så ser me at mange blir glade for slike enkle digitale løysingar. Me har og tidlegare utvikla eit program som er mykje brukt i trekking på bingo, basar og andre liknande stadar. Det er ikkje stor marknad for slike løysingar, men det er kjekt å kunne utvikle noko som viktig for mange. Andreas viser til at programmet har hatt stor suksess i tida det har vore publisert. Sjølv har han til dømes fått melding frå mange lærarar som brukar nettsida i opplæringa.

– Det er kjekt me kan lage noko som er gratis og tilgjengeleg for alle som treng det. Me veit jo kor mykje som trengs når borna skal pugge gloser. Med denne sida kan ein sitje på jobb og sende over ei lenke til barna heime som kan setje i gang med prøvinga. Favo er inne i ein travel periode og har det siste året tilsett tre personar, og har no til saman 10 tilsette.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details