Her kan du få lunsjen din


– Eg berre likar og lage mat og eg ser at thai-mat er populært i Noreg og vil gi denne vogna eit forsøk, fortel Lamai Pata som legg til at ho byrja med thai-vogn for tre år sidan.

På vogna er det skilta med Phadthai Thai Take Away, som tydeleg fortel kva type mat ein kan venta å finna bak disken. Der står og ei smilande eigar frå Ølen og ønsker deg velkommen.

– Nokon ønsker sterk mat, andre vil ikkje ha det sterkt. Eg lagar maten som kunden vil ha det, ønsker dei noko spesifikt eller spesielt skal eg lage det sånn, forklarar Lamai.

Inne i vogna har ho det ho treng for å diske opp ein fullverdig middagsrett. Eit lite kjøkken, frys og kjøleskap står klart til Lamai skal svinga seg over grytene.

– Kvar rett blir laga frå botn av, med masse kjærleik, seier Lamai smilande.

Tidlegare stod vogna i Åsane utanfor Bergen der ho gjorde stor suksess. Nå gir ho det eit forsøk i heimbyda Ølensvåg der ho bur saman med John Åge Berge. Vogna skal være open kvar tysdag til søndag.

I tillegg til å drive Padthai Thai Take Away har ho jobb som helsefagarbeidar, men dersom vogna går godt skal ho satsa fullt på den.

Sjå Padthai Thai Take Away på Facebook

Appetitt Take Away

Eit par steinkast vekke frå den vesle matvogna i Ølensvåg tilbyr Pattarin Pongnawipun tradisjonelle matrettar frå heimlandet Thailand. Vogna blei opna i 2017 og Pongnawipun tilbyr matlevering både til små og store arrangement frå Appetitt Take Away (P & M Thaimade) Vårrullar, nudlar, steikt kyllingpinner, innbakte kongereker og ferske grønsaker med frittvalgt biff, kylling, svinekjøtt eller scampi utgjer hovudtyngda i menyen, og all mat er laga frå botn av, og det er til saman over 18 rettar.

Sjå Appetitt Take Away på Facebook 

Lis Chinese Take Away

Lis Chinese Take Away er ei matvogn som kan tilby mat inspirert frå det kinesiske kjøkken. Matvogna er drevet av Xuquan Li og mannen Jan Robert Thorsen. Dei held til i Isvik like ved der det gamle bakeriet stod. Her får skjoldabuen, vikebuen og andre forbipasserande kjøpt med seg det dei ønsker frå eit breitt utval kinesiske matrettar. Dei starta i 2019 og kan servere både middag og lunsj til enkeltpersonar, bedrifter og i private arrangement.

– Me er kjempefornøgde med å drive i denne bygda. At det går an å drive så godt i ein liten bygd hadde me ikkje trudd. Tidlegare har me drevet restaurant i Arendal der det var 25 000 innbyggarar i mot 900 her i Skjold, men likevel trivst me betre her lokalt, fortel Jan Robert Thorsen.

Li held ope seks dagar i veka og alle rettane blir førebudd i vogna. 

Sjå Lis Chinese Take Away på Facebook


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details