Hardeland til Fiskå Mølle

– Eg trivst veldig godt her i Nortura, men no var eg klar for nye utfordringar. Eg likar å prøve noko nytt, så eg gler meg til å ta fatt på jobben i Fiskå Mølle, seier Hardeland som startar som dagleg leiar i Etne-bedrifta 1. august. Han tar over etter Kjersti Granmo Nerheim som sit i sjefsstolen i dag.    

– Dette trur eg blir bra, både for mi eiga utvikling, og i tillegg håpar eg at eg og kan tilføre bedrifta noko. Fiskå Mølle har utviklingsmoglegheiter, men eg er for ny til at eg vil spekulere i kva som blir dei største utfordringane framover.

Tom Hardeland kan sjå tilbake på ein lang og variert karriere, blant anna som slaktar og avdelingsleiar hjå Nortura Sandeid samt som mekanikar hjå Westcon og forskalingssnikkar hjå Implenia Norge. I dag har Hardeland ansvar for produksjon og personell på Nortura si avdelinga i Sandeid.  

– Fiskå Mølle er og ei produksjonsbedrift, og eg kjenner godt til dei og kva dei driv på med. Mattryggleik og matproduksjon er viktigare enn nokon gong, og ikkje minst blir det spanande med årets landbruksoppgjer og kva inntekt bøndene blir sikra framover. Me er mange bedrifter som er avhengig av at den norske bonden får levelege vilkår, slår han fast.

Fiskå Mølle i Etne leverer kraftfôr og andre tonnvarer i Nord-Rogaland og Hordaland, og bedrifta har i dag 9 medarbeidarar.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details