Gode tips til sommarjobbsøket

Våren er i anmarsj og fleire har starta å sjå seg om etter sommarjobb. Kva er lurt å tenke på når ein søkjer? Nokre av elevane ved Ølen vidaregåande skule gir sine tips her.

Veit du kva rettigheiter du har som sommarvikar?

Arbeidsgjevar må blant anna sørge for skriftleg arbeidsavtale, opplæring og arbeid tilpassa arbeidstakar sin alder.Les meir om kva som er forventa av arbeidsgivar og arbeidstakar her!

Namn: Sander Tufte Øye

Alder: 18 år

Studieretning: 3. året på idrettsfag

– Skal du ha sommarjobb?

– Ja, eg har plukka ut stader å søkja. Nå må eg berre få fingen ut og senda søknadar. Eg håpar å få ein jobb innan butikk som butikkmedarbeidar.

– Kvifor sommarjobb?

– Eg har ikkje hatt sommarjobb før, men håpar å få bygge litt erfaring i sommar.

– Kva er ditt beste tips til dei som ønskjer seg sommarjobb?

– Planlegg tidleg og send ut søknadar tidleg.  



Namn: Enya Eikemo Aarekol

Alder: 19 år

Studieretning: 2. året på studiespesialiserande  

– Skal du ha sommarjobb?

– Ja, på Larsen bakeri. Eg jobbar der elles i året og på ettermiddagar og i helger.

– Kvifor sommarjobb?

– Eg trivst godt der og har kome godt inn i korleis ting fungerer der. Eg veit kva som skal bli gjort og syns det er kjekt med kundane som kjem innom og dei kjekke kollegaene. Om sommaren er det gjerne travle periodar, spesielt under Bluesfestivalen og Pippifestivalen.

– Kva er ditt beste tips til dei som ønskjer seg sommarjobb?

– Ta det du får av moglegheiter og gjer det beste utav det. Ver open for moglegheitene som kjem.  


Namn: Vilde Rosseland

Alder: 18 år

Studieretning: 2. året på idrettsfag

– Skal du ha sommarjobb?

– Litt usikker, men eg reknar med det. Eg jobbar på omsorgssenteret i Ølen i helgene, og ventar på svar på korleis vaktene blir framover.

– Kvifor sommarjobb?

– Ein får spart opp litt pengar, får erfaring og det ser bra ut på CVen. Spesielt viktig er det med erfaring i arbeidslivet. Eg likar godt å jobbe med folk å kunne tenke meg å gjere det som anten psykolog eller lærar i framtida.

– Kva er ditt beste tips til dei som ønskjer seg sommarjobb?

– Ikkje gi deg! Prøv forskjellig. Det blir lettare å søke jobb neste gang når ein har fått litt erfaring. Det er viktig å vere open og ikkje låse seg til kva ein vil ha jobb som, ta det du får.  


Namn: Philip Ravn

Alder: 16 år

Studieretning: 1. året på bygg- og anleggsteknikk

– Skal du ha sommarjobb?

– Eg håpar det. Eg har sendt søknad til XL Bygg på lagerarbeid og håpar å få jobb i både ferien, helgene og ettermiddagane framover.

– Kvifor sommarjobb?

– Håpar å få ein jobb som er relevant til utdanninga og interessa eg har.

– Kva er ditt beste tips til dei som ønskjer seg sommarjobb?

– Eg har ikkje noko spesielt eg kjem på som tips.  


Namn: Nora Aksland

Alder: 17 år

Studieretning: 2. året på idrettsfag

– Skal du ha sommarjobb?

– Eg trur det. Eg jobbar på Knapphus Gatekjøkken elles i helger og feriar, og får beskjed om ei stund rundt sommaren. Eg har og jobba på Nesheimstunet før når dei har trengt ekstra hjelp.

– Kvifor sommarjobb?

– Det er kjekt med jobb, og på sommaren har ein tid til å jobbe litt meir. Det er greitt å halde på litt rutinar i ferien, tene litt pengar, og ha pengar å bruke når ein skal ut på noko. Ein får litt meir kontroll på ting når ein tenar sine eigne pengar.

– Kva er ditt beste tips til dei som ønskjer seg sommarjobb?

– Søk på mykje forskjellig! 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details