Frelsesarmeen opna julebutikk i Ølensvåg

Skal du innom First Stop-dekkbutikkeni Ølensvåg i løpet av førjulstida? Då kan du sikra deg julegåver med det same, laga av, og til støtte for, Frelsesarmeen sin institusjon for rusavhengige og heimlause i Haugesund.


Samstundes som julegrana blei tent 26.november, opna også ein ny julebutikk like ved E 134 i Ølensvåg. Frelsesarmeen sitt «Nabøhjørna» i Haugesund, har i år valt å prøva på ein ekspansjon av butikken sin i førjulstida, og har opna filial i First Stop-dekkbutikken ved Statoil Ølensvåg. Her vil det fram til jul vera utsal av blant anna strikketøy, pyntegjenstandar, treleiker og andre produkt, som er laga av bebuarar på Frelsesarmeen sitt bu- og omsorgssenter i Haugesund, og innsette i Sandeid, Haugesund og Åna fengsel.

 - På «Nabohjørna» sel me varer laga av bebuarane våre og av innsette i fengsla i regionen. For dei rusavhengige og heimlause i bu- og omsorgssenteret vårt, har Nabohjørna og aktiviteten rundt produksjonen av desse produkta blitt ein svært viktig del av kvardagen. Inntektene frå butikken går direkte tilbake til aktivitetar for desse. Difor håpar me nå å kunna utvida denne verksemda blant anna gjennom sal andre plasser enn i Haugesund, fortel fungerande dagleg leiar for Frelsesarmeen sitt bu- og omsorgssenter i Haugesund, Roy Tørring. 

Bu- og omsorgssenteret i Haugesund består av 15 leilegheiter og 14 institusjonsplasser for rusavhengige og heimlause i distriktet. Nabohjørna blei for tre år sidan oppretta som eit aktivitetstilbod og ein møteplass for bebuarane, frivillige og naboar, der ein møtest kvar veke, og mellom anna produserer varer til «Nabohjørna»-butikken. 

 - Dette har etter kvart blitt eit svært kjært tilbod for bebuarane, seier Elin Frønsdal frå Ølensvåg som har vore dagleg leiar for bu- og omsorgssenteret i Haugesund. Frønsdal var også hjernen bak ideen om filial i Ølensvåg. 

 - Denne butikken betyr mykje for bebuarane. Dei får noko å gjera på, dei etterlyser det, og det gi kvardagen meining. Det er eit viktig tilbod for oss å oppretthalda, , fortel Frønsdal.  

Utsalet i Ølensvåg skal vera ope kvar dag fram til jul, og lokal frivillige i Frelsesarmeen skal vera på plass kvar torsdag.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details