Folkefest for ein sprek 50-åring

Både nåverande og tidlegare elevar, foreldre, skule-vener og til og med ein stortingsrepresentant skal markera 50 årsjubilanten i Ølensvåg komande helg. Det blir folkefest når Lundeneset vidaregåande skule feirar 50 år, tre dagar til ende.


Miljøarbeidar Ole Johannes Skartveit (f.v), rektor Gustav Løge Fosse og russepresident Judith Emilie Hageberg ladar opp til tre dagars feiring av skule-jubilanten i Ølensvåg. Skartveit og Hageberg er konferansierar for festkvelden på fredag, og ser fram til ein innhaldsrik folkefest. 

Lundeneset inviterer til ei allsidig åremålsfeiring fredag, laurdag og søndag. Og etter programmet å døma vil det bli tett mellom både humoristiske skråblikk og historiske glimt frå eit femti år lang internatliv.

 - Me vil visa Lundeneset som den vitale 50 åringen skulen er. Me har eit ønskje om være ein skule med rom for alle, og difor har me lagt opp til ei uformell feiring heile helga. Det skal vera høgt under taket og rom for både seriøse refleksjonar rundt jubilanten, så vel som humoristiske tilbakeblikk, fortel rektor Gustav Løge Fosse. 

Fredag er via historieforteljingar frå eit 50 år langt skuleliv: Tidlegare informasjonskonsulent (og altmoglegmann) Leon Dyngeland og lærar Kåre Vignes står for historie-show, det blir revolverintervju med tilsette og tilbakeblikk frå tre tidlegare elevar som skal fortelja om «mitt Lundeneset». 

laurdag er foreldre og familie inviterte til foreldredag, der mellom anna stortingsrepresentant Olaug Bollestad står for temasamlingar om blant anna menneskeverd. Søndag er det jubileumsfest med tale og songinnslag, tilbakeblikk frå både nye og gamle tilsette, omvising og festmiddag. 

Kompetanse for heile livet 

Meir enn 3400 elevar har gått på Lundeneset sidan skulen opna dørene i 1965. Og mange av dei held framleis nær kontakt med skulen som var heimen deira i fleire ungdomsår. Åra på internat i Ølensvåg har vore av stor betyding for mange, og det er ikkje berre vitnemålet som har kome godt med etter skuleåra, trur Fosse. 

- Desse åra er viktige for alle, same kva skule ein går på. Men i tillegg til det faglege grunnlaget, har mange gjennom åra her opparbeidd ein seg ein vel så verdifull kompetanse som vil vera nyttig i mange settingar livet gjennom: det å vera sjølvstendig, leva og samarbeida i samspel med eit stor mangfald andre menneske. Eg trur også mange Lundaneset-elevar har halde ekstra godt fast på nettverket dei fekk her, både sosialt og i yrkessamanheng. Eg opplever at dei fleste har eit eigarskapsforhold til skulen som heng ved dei mange år etter at dei er uteksaminerte, meiner Fosse. 

Eigarskapskjensla og nettverket har også vist seg å koma sjølve skulen til gode i fleire tilfelle. Lundeneset klarte blant anna å koma seg ut av ein utfordrande situasjon på midten av 90-talet ved hjelp av eit enormt dugnadsengasjement frå mellom anna tidlegare elevar og tilsette. 

Dugnad løfta skulen 

- Me hadde slite i mange år, både økonomisk og med synkande søkartal, og me måtte spørja oss sjølve om Lundeneset hadde livets rett. Både tidlegare og dåverande elevar, tilsette, eigarar og andre støttespelarar blei involvert. Alle konkluderte med at Lundeneset var verdt å satsa på og jobba hardt for å vidareutvikla. Det bygde seg opp eit stort engasjement og ei sterk dugnadsånd i miljøet, som klarte å «reisa» Lundeneset opp att. Sidan den gong har det vore ein jamn opptur. Det dugnadsarbeidet og engasjementet som blei danna den gong var heilt unikt og er grunnen til at Lundeneset er den skulen han er nå, fortel Fosse. 

Det dugnadsarbeidet og engasjementet som blei danna den gong var heilt unikt og er grunnen til at Lundeneset er den skulen han er nå

I dag er det til saman 191 elevar ved Lundeneset. Søkartala auka jamt etter det store løftet på midten av 90-talet og har halde seg stabilt høgt dei siste åra. Skulen har fått løyve til å utvida elevtalet, men per dags dato tillèt ikkje dei fysiske rammene fleire elevar, først og fremst grunna kapasiteten på internatrom. 

Likevel kan dei nåverande elevane og dei nærare 50 tilsette sjå fram til neste milepæl som tar form i desse dagar. Eit nybygg er i ferd med å reisa seg og skal etter planen stå klar til sommaren. 

- Dette vil løfta både dei faglege og sosiale rammene på skulen. Me vil få ein ny og moderne møtesal som også vil bli nytta til faglege prosjekt av blant anna medielinja. Samstundes vil me også få nye klasserom til realfaga som i neste omgang vil frigjera areal til blant anna eit betre treningsrom, fortel Fosse. 

Bygget reiser seg nå på sjøsida av skulen, og vil godt synleg frå E134 i Ølensvåg, som eit aldri så lite signalbygg. Men det er ikkje berre bygningsmassen som skal visa att i Vindafjord. Skulen har i alle år hatt eit sterkt fokus på å vera ein aktiv bidragsytar i lokalmiljøet i Vindafjord. 

- For Lundeneset har det vore veldig viktig å vera ein naturleg del av lokalmiljøet, og det har alltid vore viktig å knyta band til miljøet også utanfor skuleområdet. Me har mange ressurssterke elevar og tilsette som er engasjerte i både idrettsliv og barne- og ungdomsarbeid. Dette er ein viktig del av livet på internatskule her hjå oss, seier Fosse. 

50 år mellom to permar 

I samband med jubileet, kan gjestene også få bla seg gjennom den 50 år gamle skulehistoria i ei rykande fersk jubileumsbok: «50 år med Lundeneset – Hjemmefra, men ikke alene». Boka er ført i pennen av ei rekkje elevar og tilsette, både nåverande og forhenverande, med tidlegare rektor Arne Borgemyr og sosial pedagogisk rådgjevar Håvard Brekkå som redaktørar. 

- Me hadde lyst å samla historiar, bilder og inntrykk seier noko om kva slags 50 åring Lundeneset er. Boka vil nok vera av stor interesse både for dei historie-interesserte så vel som dei som er forvitne på Lundeneset generelt, seier Fosse.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details