Flying start for Vindafjord Turlag

Ikkje før var det første styret i Vindafjord Turlag på plass før banksjef Magne Christiansen i SR-Bank drog opp sjekkheftet. Siv Iren Børve frå idrettslaget og styremedlem Lars Dalen i turlaget var glade mottakarar.


Banksjef Magne Christiansen (t.v.) stilte med ein gåvesjekk på 60 000 kroner til glade mottakarar frå idrettslaget og det nyvalde styret i Vindafjord Turlag, Siv Iren Børve og Lars Dalen. Foto: Torleif Heggebø.

- Me var litt usikre på kven me skulle dela ut pengane til, men i og med at det var idrettslaget som søkte om midlar, så bestemte me oss for å tildele 60 000 kroner som startkapital til prosjektet dei hadde kalla «Turkommunen Vindafjord», sa banksjefen til applaus frå dei om lag 20 frammøtte turentusiastane på stiftingsmøtet i sist veke. 

Tildelinga var eit svar på ein søknad Ølen Idrettslag hadde sendt til SR-stiftinga, på vegner av det «ufødde» turlaget. 

Mange initiativ 

Bak stiftinga av Vindafjord Turlag finn ein både Vindafjord kommune, Medvind Næringshage, næringslivsrepresentantar og turentusiastar. Arne Gunnar Habbestad frå næringshagen innleia stiftingsmøtet med å fortelja historia om tida fram mot sjølve møtet. 

- Det har vore ulike initiativ. Eit kjem frå næringslivet om tilrettelegging for turområder som kan lokke fastbuande og turistar ut i naturen, men og inn i tunet til dei næringsdrivande i turist- og opplevingsnæringa. Kommunen har deltatt på møta med næringslivet saman med Fikse Næringsutvikling og næringshagen, og der vart mellom anna sykkel- og gangstiar mellom bygdene i kommunen drøfta. Eller kanskje skulle me heller satse på eit rimelegare alternativ, og lettare gjennomførbart – utbetring av skogsvegar og stiar som alt går over toppane mellom bygdene, slik som Arild Hårde og Rune Furseth med fleire har tenkt på lenge, sa Habbestad og viste til eit kartleggingsarbeid dei to sandeidsbuane alt hadde utført i fjellområda rundt oss. 

- Folk strøymer til Rallarvegen, men me kan få – ikkje berre ein, men mange – mykje finare rallarveg i fjellheimen rundt oss, starta Furseth ein presentasjon over løyper dei har gått opp og merka av på kart. 

- Det skal ikkje mykje til før me kan få framkomeleg vegar for dei fleste frå Vikebygd og Bjoa i vest, over til Ølensvåg. Herfrå er ikkje vegen lang frå Frønsdal bort til Aurdal i Vats, og då er det rake vegen over til Stuhaug på Sandeid. Me har sett på alternative vegar mellom Imsland og Vikedal, Vikedal og Sandeid. Over Helgeland, Fjellstølen og Opheim er det alt veg, og det skal lite til for å kopla oss saman med Etne i aust – både over Fikse og ved å bygge ein kort vegstubbe frå Olali-traktene og over mot Rus. Det blir rallarvegar i flott natur, det, understreka Furseth. 

Det første styret i Vindafjord Turlag, Jan Sverre Frønsdal (t.v.), Arne Gunnar Habbestad, Erik Baust, Lars Dalen og Rune Furseth. Foto: Torleif Heggebø..

Styret på plass 

Etter ein runde med meiningsytringar og avklarande spørsmål – mellom anna om det nye laget skulle inngå eit samarbeid med Haugesund Turistforening eller ikkje – stod val av styre på programmet. 

Med eit prioritert mandat om å få gang på planar om bygging av nye og tilrettelegging av eksisterande skogs- og turvegar, vart fem menn peika ut til å leia det vidare arbeidet. Møtedeltakarane fann det naturleg å få med både «turløypekartleggjar» Rune Furseth, Arne Gunnar Habbestad frå næringshagen, samfunnsutviklar Erik Baust frå kommunen, Jan Sverre Frønsdal, som representant frå næringslivet, og turentusiasten Lars Dalen. 

Styret konstituerer seg sjølv på eit nært føreståande styremøte kor ein skal leggja slagplanen for dei neste åra med tilrettelegging for ferdsle for mjuke trafikantar mellom bygdene våre. 

- Med pengestøtta frå SR-Bank kan me koma eit godt steg vidare med kartlegging av aktuelle vegar, koma i dialog med grunneigarar, kalkulera arbeidsmengder og kostnadar, og ikkje minst søke støtte til tiltaka der det er pengar å hente, ytra Habbestad, som ser for seg å kalla inn til den første vanlege årsmøtet til våren neste år.

Klare til stifting av Vindafjord Turlag - frå venstre rundt bordet sit Arne Gunnar Habbestad, Rolf Svendsen (Haugesund Turistforening), Rune Furseth, Arild Hårde, Lars Dalen, Marianne Andersen med dottera, Amanda, Siv Iren Børve, Inga Øverland Apeland, Jon Olav Velde, Tore Haaland, Morten Helland, Merete Vårvik Matre og Magne Christiansen. Foto: Torleif Heggebø.

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details