Fjernvarme frå Fatland til idrettsanlegg

Fjernvarme til Ølen Idrettslag sine eksisterande og framtidige anlegg i Litlehagen blir ei av ringverknadane av Fatland si store utbygging. Utbyggingsprosjektet fører òg med seg fleire andre miljømessige goder for nærområdet.

Inge Fatland har lufta tanken om fleire miljøtiltak i samband med dei nye utbyggingane ved Fatland sitt slakteri. I grøfta som skal gravast frå Steinbru - nord for slakteriet - og ned til Osen skal ein saman med idrettslaget leggje eit tredje røyr for tilførsel av fjernvarme til laget sine anlegg i Litlehagen. Kommunen og slakteriet skal elles leggje kvar sitt kloakkrøyr i grøfta. 

- Me har vore i samtalar med idrettslaget med tanke på å leggja eit ekstra røyr i grøfta som skal gravast mellom Steinbru og Osen, fortel teknisk leiar Inge Fatland.

Det er store mengder spillvarme frå anlegget i form av oppvarma vatn og utslepp til luft, energi som kunne vore nytta til oppvarming av idrettshus, baneanlegg o.l. 

- Det kjem litt an på kostnadane og kven som skal ta desse, men det blir litt dumt om me ikkje skal få det på plass samtidig som me likevel grev grøfta. Det ville vore eit positivt tiltak, men noko som idrettslaget og miljøet rundt dette må ta initiativet til, seier Fatland, som vonar at leidningane skal vera lagde og gangvegen grusa ved juletider i år.

Og idrettslaget blir med. Det stadfestar Morten Helland i idrettslaget. 

- Me er heilt samde med Fatland i at det ville vore for dumt å la denne sjansen gå får oss, så når grøftinga kjem i gong, er me klare med røyr til eit framtidig fjernvarmeanlegg, seier Helland, takksam for samarbeidet med Fatland.  

Ny kloakk gir ny gangveg

I samband med utbygginga investerer Fatland i eit nytt reinseanlegg til om lag 25 millionar kroner der dei skal kombinera kjemiske og biologiske reinseprosessar. Mest synleg i den samanhengen er ein betongtank på 2000 kubikkmeter kor det skal mellomlagrast prosessvatn frå produksjonen før ein startar reinsinga. 

- Etter to-tre dagar i tanken skal innhaldet pumpast opp i det nye reinseanlegget, som er under bygging vegg i vegg med det eksisterande anlegget, fortel Fatland. 

Tanken han snakkar om står på nordaust-sida av slakteriet, ned mot Steinbru. Frå Steinbru skal det gravast ei grøft heile vegen ned til Osen. 

- I denne grøfta skal me leggja nye kloakkrøyr; eitt for slakteriet og eitt som kommunen har ansvaret for. Me ventar berre på at kommunen skal kome i gong, og etter det eg forstår kjem dei til å be om tilbod på graving frå entreprenørar med det aller første. I samband med dette tiltaket har me lansert ein tanke om å legge eit gruslag på toppen av grøfta, og på den måten få ein fin sykkel- og gangveg mellom Steinbru og Osen.  

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details