Fatland treng fleire slaktedyr

Fatland i Ølen er det anlegget i Fatland-konsernet som har størst og mest allsidig aktivitet. Dette anlegget har den sterkaste veksten i konsernet. Dei satsar målretta på auka foredling av kjøt, og sal til daglegvarekundar i heile landet. 

Teknisk leiar ved Fatland i Ølen, Inge Fatland (t.v.), ønskjer å leggja til rette for større lokal produksjon av slaktedyr. Egil Ljosnes og Hanne Døvik tar dagleg imot både griser, sau og storfe.

Når det gjeld tilgang på råvarer så melder Fatland om store behov. For slakteriverksemda er den lokale produksjonen av storfe, sau og gris altfor liten til å dekke slakteriet sitt behov. 

- Me transporterer store mengder kjøt til anlegget vårt her i Ølen både frå regionen, landsdelen og som import frå utlandet for å dekka opp for kjøtmengda me treng til produksjon av ferdigvarar. Dersom det er nokon, etablerte bønder eller nye i bransjen, som treng bistand i samband med prosjektering og økonomiske vurderingar, så har me konsulentar som kan hjelpa til i slike prosessar. Ingenting er betre enn å få lokale leverandørar, og me ønskjer å legge til rette for så mykje lokal produksjon som mogleg, seier teknisk leiar Inge Fatland. 

Fatland har satsa på produksjon for dei store kjedane som Coop og Norges Gruppen, og ferdigmat kjem til å utgjera større del av sortimentet enn tidlegare.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details