Fabrikksjefen tar sjølv del i slaktinga

Optimal drift og best mogleg nyttiggjering av arbeidskrafta er noko fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg ved Nortura på Sandeid er opptatt av. Difor er ho i hektiske periodar sjølv med ved slaktelina eller med ullsaksa når det er behov for det.

 

Fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg hentar idear til vidareutvikling av slakteriet mellom anna ved sjølv å ta del i arbeidet i dei ulike avdelingane i hektiske periodar. Terje Økland er avdelingsleiar for hengehall og skjering. Foto: Torleif Heggebø.

Jan Byrkja er leiar for klypperiggen ved Nortura. Nortura har utvikla ein metode der klyppinga skjer etter at sauene og lamma er avliva, for mellom anna å minske stresset for dyra før slakting. Foto: Torleif Heggebø.

- Me tar alle i eit tak når det er som mest hektisk, som til dømes no i slutten av slaktehausten. På det mest hektiske er me nærare 120 personar i arbeid ved slakteriet, men i førre veka og veka før der dimitterte me sesongarbeidarane. Det er framleis hektisk, men ikkje verre enn at me får arbeidet gjort ved at også me i leiargruppa deltek, fortel Stokkevåg.

Stokkevåg er sjølv utdanna slaktar. Ho starta karrieren ved slakteriet i 1992. I 1997 tok ho sveinebrev i slaktarfaget, og to år seinare meisterbrevet. I 2003 overtok ho som fabrikksjef etter å ha vore avdelingsleiar i slaktehallen dei 3-4 føregåande åra. 

- Det er alltid kjekt å praktisere gamle kunster, og det er medan ein arbeider på linene at ein får dei beste ideane til utvikling av verksemda. Ei av dei viktigaste oppgåvene mine er å utvikle slakteriet, og det er når ein sjølv er til stades der prosessane går føre seg at ideane dukkar opp. Me har ei aktiv leiargruppe som deltar i arbeida på slakteriet, og som saman bidreg til utviklinga av slakteriet. 

Fleire lokale sesongarbeidarar 

Det er 60 fast tilsette ved slakteriet på Sandeid. I slaktesesongen har 53 sesongarbeidarar vore i aksjon. Tolv av dei er nye for sesongen. 

- Det er tid og pengar spart å nytte seg av dei same sesongarbeidarane kvart år utan at me treng lære dei opp kvar gong. Dei fleste er då og gjengangarar; mange av dei frå Litauen – om lag 35 i talet - men òg norske. Lokale har ikkje vore så lett å få tak i, men i år har dette endra seg. Me har alltid annonsert etter sesongarbeiderar i lokalpressa, men responsen har vore laber fram til i år. Denne sesongen har me hatt åtte unge, lokale sesongarbeidarar. Dei er her framleis, og blir nok også verande framover mot juletider, fortel Stokkevåg. 

Om nokon av dei blir ein del av den faste staben? Ja, det kan jo hende. 

Liv Anne Gryte er skuleelev ved restaurant og matfag-lina i Haugesund. To dagar i veka er sett av til praktisk arbeid ved Nortura. Varierte oppgåver gir god kjennskap til slaktarfaget. Fabrikksjef Stokkevåg er glad for at lokale ungdomar vil arbeide ved bedrifta, og tar årleg imot mange skuleelevar som vil prøva seg i arbeidslivet. Dette året har ein òg tatt inn fleire ungdomar som sesongarbeidarar. Foto: Torleif Heggebø.

- Det er alltid behov for arbeidskraft, og me er sjølvsagt ekstra nøgde med å få lokale kandidatar. Uansett er norsk arbeidsspråket vårt, og dersom utlendingar skal få fast jobb, er kravet at dei lærer seg norsk. Det er alltid nokre som ønskjer å halda fram, og me har difor lagt til rette for norskundervisning, seier Stokkevåg. 

Årsaka til at dei har fått lokale sesongarbeidarar denne gongen meiner ho skuldast situasjonen i arbeidsmarknaden elles. Det er folk som har mista jobbane sine i andre næringar eller som ikkje har fått jobbar i olje- og gassnæringa. 

Viktig med god logistikk 

Det ligg nøye planlegging bak inntransporteringa av dyr til slakteriet. Det må ikkje kome inn for mange dyr, som medfører lang ventetid i fjøset, men heller ikkje så få at arbeidarane på slaktelina må vente. 

- Me har 12 bilar i aksjon på det meste – seks av dei lokale. Bilane går i skytteltrafikk frå nordsida av Boknafjorden i sør, til Sauda og Suldal, nordover til Os og Bergen, innover mot Hardanger, Voss og til Vest-Telemark i aust, fortel Stokkevåg. 

I snitt blir det slakta om lag 70 storfe, 300 griser og 2000 småfe ved slakteriet dagleg; nokre dagar litt fleire, andre dagar litt færre. 

- Me utarbeider vekeplanar og må sørge for at det er samsvar mellom kapasiteten i slakteriet og talet på dyr som til ei kvar tid kan leverast frå dei ulike distrikta. 

Om lag 3000 leverandørar 

Bas i medlemsbutikken, Tjerand Lilleland, skjer opp eit lam som ein eigar og medlem skal ha i retur. I medlemsbutikken får tilsette og leverandørar handla ulike slag Gilde-produkt til ein god medlemspris. Foto: Torleif Heggebø.

- Totalt er det om lag 3000 bønder som leverer dyr til slakteriet på Sandeid. Det har vore ein tendens til spesialisering mellom bøndene. Dei som har satsa på gris er store på gris, tilsvarande på storfe og småfe. Mjølkebønder med 15 griser i tillegg er sjeldne å sjå. Gardane blir større og bøndene færre, konstaterer Stokkevåg, som godt kunne ønskje seg at fleire satsa på storfe. 

- Det er underskot på storfe i landet, og import har vore løysinga. Me ønskjer oss fleire ammekyr som kan bera fram kalvar, og bønder som kan avle dei fram til ei slaktevekt på rundt 300 kilo, seier fabrikksjefen. 

Når det gjeld sau og lam, så har denne delen av næringa tatt seg opp dei siste åra. Frå eit underskot på småfekjøt for nokre år sidan er det no prognosar som tyder på at det kan bli overproduksjon alt neste år. I Rogaland får sauebønder nei til støtte frå Innovasjon Norge, skriv Nationen. 

- Uansett; kvaliteten på årets lam har vore eksepsjonelt god, både god vekt og gode klassar, trass i både sein vår og våt sommar, konstaterer Stokkevåg. 

Det blir pinnekjøt til julemiddagane i år òg.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details