Eksportnæringa treng EØS-avtalen


– Kva meiner du er det viktigaste for å vidareutvikla næringslivet i Vindafjord/Etne?

Stortingsvalet 2021: Olaug Bollestad (KrF)

  • I september er det nytt stortingsval! Me har spurt topp-kandidatar kva dei meiner er dei viktigaste sakene for regionen i denne valkampen.
  • I dag: Olaug Vervik Bollestad (KrF)
  • Aktuell: Førstekandidat for Rogaland KrF i stortingsvalet 2021
  • Alder: 59 år Kjem frå: Jørpeland i Strand, busett på Ålgård i Gjesdal
  • Dei viktigaste sakene for partiet: Ei satsing på barna og familiane med gode skular og barnehagar, auka barnetrygd, fritidskort, valfridom gjennom framleis kontantstøtte og reversering av den rigide tredelinga av foreldrepermisjonen At eldre kan bli sett på som ein ressurs i samfunnet, at vi skal ha kvalitet i eldreomsorga når behovet for hjelp kjem. KrF vil ha ei pårørandestøtte og sikre rett til avlasting for pårørande med store omsorgsoppgåver. Byggje levande lokalsamfunn på kristne verdiar, med arbeidsplassar, aktivt landbruk, frivilligheit og lokalt engasjement Ta internasjonalt ansvar gjennom å kjempe mot klimaendringane og hjelpe verdas fattigaste.


– Det er mange ting som er viktig for næringsliv og arbeidsplassar i norske lokalsamfunn. For den eksportretta delen av næringslivet er det aller viktigaste at vi ikkje set EØS-avtalen i spel med tanke på kor usikkert det vil bli. KrF er garantist for at me skal halde på denne viktige avtalen som både er så avgjerande for eksportbedriftene våre og samstundes sikrar oss sjølvråderett over til dømes landbruks- og fiskeripolitikk, meiner Bollestad.

Ho viser til at god infrastruktur og gode vegar er avgjerande for næringslivet og for folk i distrikta.

– Me må ha gode og trygge transportårar både på veg og sjø, og sørgje for moderne breiband med høg fart. For Vindafjord er til dømes ny E134 eit viktig vegprosjekt, og derfor var det bra at Bakka-Solheim kom inn i Nasjonal transportplan i Stortinget i juni. Næringslivet treng gode rammer gjennom skatte- og avgiftspolitikken. KrF i regjering har redusert formuesskatten på arbeidande kapital som traktorar, maskinar og andre investeringar som bidreg til å skape arbeidsplassar.

Auke inntektene i landbruket

Bollestad som også er landbruksminister vil og auke inntektene i landbruket.

– Me må óg leggje til rette for eit levande landbruk og norsk matproduksjon. Rundt 15 prosent av arbeidsplassane i Vindafjord finn me i jordbruket eller næringsmiddelindustrien. Me må leggje til rette for auka inntekter til bøndene, tar vare på eit mangfald av både små, mellomstore og store bruk, og vi må verne om matjorda.

– KrF vil stimulere kommunane til å vera gode støttespelarar for næringslivet, og me vil leggje til rette for god samhandling mellom ulike aktørar i næringslivet og det offentlege. Det er viktig å ha gode ordningar som stimulerer til nyskaping og utvikling mot «grøne» løysingar.

Støttar næringshagane

Kva meiner du skal til for å gjera det meir attraktivt å bli gründer i Vindafjord/Etne?

– Eg tenkjer at me bør støtte opp om og utvikle næringshagar som Medvind24. Det betyr at ein må stimulera til at kommunane saman med fylkeskommunane legg til rette for gode møteplassar og plassar der ein får hjelp med byråkratiet. Helst bør ein gjera det så enkelt som mogleg. Denne regjeringa har forenkla og fjerna byråkrati, slik at bedriftene i dag brukar 15 milliardar mindre på skjema og søknadsprosessar i det offentlege enn tidlegare. Samstundes er det viktig med attraktive og tilrettelagde næringsareal i kommunen.

Veg og oljenæring

Vil de jobbe for fullfinansiering av ny E134 gjennom Vindafjord og Etne?

– Gode og trygge vegar er avgjerande for både folk og næringsliv i distrikta. E134 er ei viktig ferdselsåre som bind Rogaland og Noreg saman. Eg meiner at ny E134 gjennom Vindafjord og Etne er eit godt prosjekt som me må sjå på korleis kan realiserast så snart som mogeleg. Difor synest eg det var bra at strekningen Bakka–Solheim kom inn i Nasjonal transportplan då Stortinget handsama denne saka før sommaren.

Bør det setjast ein sluttdato for olje- og gassleiting ?

– Nei, me bør ikkje ha ein sluttdato. Me må gjere meir for å hindre klimaendringane, men olje og gass har vore ei viktig næring for Noreg, og vil vere det i mange år ennå. Tempoet i oljepolitikken blir styrt mest gjennom tildeling av leiting. KrF meiner at framover bør vi avgrense ny petroleumsverksemd til utvidingar eller forlengingar i område der me allereie har petroleumsaktivitet i dag, slik som Klimaomstillingsutvalget har føreslått. Det er ikkje minst viktig av omsyn til klimarisikoen i norsk økonomi. Når verda skal nå måla i Paris-avtalen, vil etterspurnaden etter olje og gass gå ned, og då vil det svekke norsk økonomi dersom me har satsa kraftig på nye olje- og gassfelt. Me bør heller investere endå meir i fornybar og berekraftig industri og arbeidsplassar for framtida.

Viktig rekruttering

Korleis vil de sikra betre rekruttering av fagfolk til distrikta?

– Ein ting er at fylkeskommunen og dei vidaregåande skulane må ha tett dialog for at vi skal få nok relevante læreplassar innanfor ulike fagfelt. KrF vil óg ha attraktive og aktuelle desentraliserte vidareutdanningstilbod, slik at folk kan vidareutvikle den kompetansen dei har. Rekruttering av fagfolk til distrikta handlar og om at det må vere godt å bu og leve i distrikta også utanom sjølve jobben. Då trengst det arbeidsplassar, velferdstenester med kvalitet, gode skular og barnehagar, gode samferdsleløysingar, fritidstilbod og mykje meir.

– KrF vil gjere det enklare å finansiere eigen bustad i distrikta ved å redusere krav til eigenkapital og styrke Husbanken si rolle ved å gje topplån ved nybygg og kjøp av bustad. Eg trur mange i Vindafjord og elles i Rogaland ønsker at det skal vera eit parti som KrF i norsk politikk, som kjempar for familiane, dei eldre, for menneskeverdet i alle fasane av livet og som vil bygge samfunnet nedanfrå på eit solid verdigrunnlag med rom for frivilligheit og engasjement. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details