Edvard's Byggservice satsar med ny avdeling


I 2008 oppretta han eit enkeltmannsføretak innan byggebransjen på Kyrping med kun seg sjølv som tilsett. Bedrifta driv nå med alt innan interiør og eksteriør. Eduardas Marcinkevicius som er dagleg leiar, beskriv arbeidet deira som allsidig og fleksibelt.

– Me driv med alt frå oppussing av bad, til kjøkkeninstallasjon, til totalrenovering av hus.

Tidlegare jurist

Eduardas har utdanning innan jus og har hatt fordeler med denne bakgrunnen i bedriftsetableringa og drift. Han fortel om mykje papirarbeid og uklarleik knyta til å starte enkeltmannsføretak i 2008 og gå over til AS. Eduardas beskriv det han gjer no som den beste jobben han kunne hatt.

– Når eg skulle starta bedrift var det utfordrande berre å registera bedrifta då basen ikkje var tilpassa andre språk og innvandrarar i det heile tatt.

– I dag er det enkelt, ein finn alt på nett, legg han til.

Ny avdeling

Trass utfordringar med både korona og konkurranse, har Edvard’s Byggservice opna ny avdeling. Dei har overteke Fargerike sine gamle lokalar i Sauda der dei har kalla butikken sin Sauda Faghandel. Der har dei per dags dato fem tilsette. I Etne er dei 14.

Prosessen med å opna ny avdeling beskriv han som ein lite smertefri affære, men at dei sakte men sikkert jobbar seg oppover i Sauda. Han fortel at Sauda kommune har vore med å støtta bedrifta, og at Sauda NAV har bidratt med arbeidsfolk.

– Alt krev investering, både av tid og pengar. Kundane treng og å venna seg til nye folk og nye varer, forklarar Eduardas.

I Etne starta Eduardas butikk på Meieriplassen, men har flytta til dei tidlegare lokala til MX på kaien i Etne.

– Det var få bygningar som passa våre behov, men med tanke på lagerkapasitet var det det beste alternativet, fortel Eduardas.

Tøffe tak under korona

2020 blei eit utfordrande og krevjande år også for Edvard’s Byggservice. Halve personale måtte permitterast, oppdraga forsvann, og Eduardas såg ikkje lys i tunnelen for bedrifta.

– Me har ikkje utbetaling og innbetaling same dag slik mange bedrifter har. Me gjer jobben, så kjem pengane seinare. Dette gjor det utfordrande for oss å veta kor mykje me kjem til å tape grunna korona, som førte til at me ikkje hadde grunnlag nok for støtte, fortel Eduardas.

Om sommaren gjekk det betre for byggebedrifta. Eduardas fortel at sommaren er høgsesong for oppussing då mange har ferie. Då andre smittebølge kom, blei det det same sirkuset som om våren. Om hausten måtte alle i bedrifta i isolasjon, noko som gjorde at ingen av jobbane kunne bli gjort til planlagt tid. No har ting stabilisert seg meir for dei, og Eduardas håpar at det ikkje kjem ei smittebølge til.

– Fleire hjå oss har ikkje norsk personnummer og må difor tilbake til heimlandet sitt for å bli vaksinert. Dette krev mykje tid og pengar. Dei må fort ned to gonger for begge dosane, og kanskje i karantene når dei kjem tilbake, fortel Eduardas.

Det er ikkje berre korona som har vore utfordrande for Edvard’s Byggservice den siste tida. Netthandel og store byggevarekjeder blir stadig større konkurrentar for mange marknadar. Dette er noko Eduardas og har kjent på og ser blir eit stadig større problem.

– Det blir verre og verre. Kundane kjem innom butikken og spør om mykje. Me svarar og forklarar, likevel drar dei utan noko kjøp, fortel Eduardas.

Å kjøpe ting på nettet er som regel billigare enn i butikk, men Eduardas meiner det ofte lønner seg å velja lokal handel. Kundane får rettleiing og riktige råd med på kjøpet.

– Folk gløymer ting som reklamasjon og garanti. Det er ofte vanskelegare å få hjelp til slike ting når ein har kjøpt noko på nettet. Veldig ofte ser me at folk handlar feil produkt til prosjekt, og må betala dobbelt.

Han har sjølv vurdert nettbutikk, men det krev for store investeringar, kapasitet og logistikk. Han håpar ikkje det blir verre, og ynskjer at det skal bli billigare å driva butikk enn kva det er no.

– Det å driva butikk har blitt dyrare og dyrare dei siste åra. Det er ei skummel utvikling, som ein bør stoppa før har gått for langt, meiner han.

– Me kan ikkje gjera noko med det, men eg håpar folk tenker meir før dei vel vekk å handla lokalt, legg Eduardas til.

Eduardas har håp om forbetring, men å utvida enda meir ser han ikkje behov for. Han ser for seg å halda seg til dei to avdelingane dei har nå, å få meir kontroll og stabilitet der.

– Me vil pressa meir juice av dei epla me har, i staden for å plukka nye, fortel han med eit smil om munnen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details