Dyrevelferd i framsetet

Ein æra er over. Etter 50 år i Nortura har sjåfør Ingebrigt Åsheim (65) parkert slaktebilen for siste gong.


Bøndene kjenner Ingebrigt godt etter kvart. Han har rykte på seg for å vere presis, og ikkje minst ein god mann med både folk og fe. Ingebrigt kjem på klokkeslettet han har lova å møte opp, kjem det noko i vegen ringer han bonden og gir beskjed. Erfaringa er lang, første arbeidsdagen i Nortura hadde han allereie i 1970. 

–  Det er mykje som har endra seg på 50 år, i dag er dei fleste bøndene på jobb utanom garden. Då treng dei å vite nøyaktig når eg kjem så dei slepp å vente og irritere seg, seier Ingebrigt som kan sjå tilbake på endelause møter med trivelege bønder gjennom åra. Det er dei møta han kjem til å sakne mest, han kjem tett på dei som produserer maten og han veit kva som er viktig når dyra skal ut på den siste reisa frå fjøset. 

–  Skal ein bli god i denne jobben må ein ha eit godt lag med både dyr og med folk. Ein må vere avbalansert og for all del ikkje byrje å stresse. Det nyttar ikkje å skunde seg for å nå ei ferje, då kan eg love deg at noko skjer og du neppe når ferja etterpå heller, seier han og ler. 

Han rosar arbeidsmiljøet mellom sjåførane og slår fast at ingen hadde blitt verande i same jobben i 50 år utan å trivast. 

Starta som 15-åring

Etter eit langt og interessant arbeidsliv i Nortura har han no tatt fatt på pensjonistdagane. Dagar han gler seg til, saman med kona, barn og barnebarn. Den eine dottera som til dagleg bur på Sola har nett kjøpt seg småbruk i Etne, noko bestefar Ingebrigt ser fram til. 

–  Eg skal nok få dagane til å gå, eg har både hytte på fjellet og campingvogn. I dag ser eg på at dei asfalterer vegen forbi her, ein har tid til slikt når ein er pensjonist, meiner etnebuen frå godstolen i stova. 

Han var 15 år første gong han heva lønn i Nortura, då var oppgåvene rydding og spyling i fjøset. Ingebrigt slutta i grunnskulen på ein fredag, måndagen etterpå starta han i jobb hjå Nortura, etterpå har han blitt verande som sjåfør. Med unntak av militæret, og to sjukdomsperiodar der kreftsjukdomen førte til at han vart liggande på «lading» som han kallar det sjølv så har han vore på vegen kvar dag, enten med livdyr eller slaktedyr. Kontoret hans har vore i bilen, og regionen hans har vore heile Sør-Noreg. I 30 år hadde han eigen bil og leigde seg ut til Nortura, men no i den siste tida har han vore tilsett. Han veit aldri kva arbeidsdagen bringer. 

–  Eg var nett i Suldal for å levere ein stut, då hadde eg same dagen køyrt smågris frå Skjold og vore ein tur på Forus. Det gjekk med 47 mil i bilen den dagen. 

Image
Siste tur for Nortura gjekk til Ole Ragnar og Roar Gundegjerde i Etne. Foto: Aleksander Grindheim

Dyrevelferd i sentrum

Om dagane på svingete vestlandsvegar kan bli lange så er det godt lag i radio og musikk. Han rosar mobilutbygginga som har betra seg innerst i fjordane og på høge fjellgardar. Ingebrigt er godt kjent i regionen, det er ikkje mange bønder og gardstun han ikkje klarer å plassere. 

– Då eg starta i denne jobben lasta eg 30 slaktegris på ein gong, no har eg plass til 135, fortel han og smiler. Tidene har endra seg. Før kunne han risikere å få seg ein springmarsj på grøne ekrer for å få spælsauene inn igjen på bilen, no kan han rygge like inntil døra og få dyra inn i bilen med hjelp av liften på bilen. Men framleis kan sinte stutar gi utfordring. 

– Eg trur aldri eg har vore redd i denne jobben, men når stutane snur seg tvert om og kjem i mot deg med full fart då handlar det om å kome seg ut. Ein gong tippa eg og med bilen fordi eg kom for langt utpå kanten, heldigvis var bilen tom. Å tippe med full bil har alltid vore den største skrekken. 

Målet til Ingebrigt er det same no som tidlegare, alle dyr skal ha det godt på vegen og dyrevelferd skal vege tungt meiner han når sentralisering og lange transportetappar står for døra. Nortura kom nyleg med ei pressemelding der dei viser til at ein på konsernnivå skal investere opp mot 1,4 milliardar kroner fram til 2025, og at slakteriet i Sandeid er eit av dei som kan ryke i omstillingsprosessen. Konsernsjef Ane Marit Panengstuen legg i pressemeldinga vekt på at planen er nødvendig for å snu utviklinga, sikre arbeidsplassar og eit framtidsretta samvirke og jordbruk i heile landet. Ingebrigt på si side er redd prisen for utviklinga blir høg. 

–  Det blir lange køyreturar for dyra når dei stenger av slakteria slik, i så fall blir det ikkje slakteri mellom Sandeid og Førde. Eg håpar jo på levande bygder, også i framtida, det er alltid det eg har arbeidd for, seier Ingebrigt tankefullt.  

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details