Byggjer ny turveg

Vindafjord Turlag ynskjer å binde stadig fleire bygder saman med nye turvegar, med seg på laget får dei også det lokale næringslivet. I sommar startar bygginga av turveg frå Ølensvåg til Eikås på Bjoa.


Den planlagde turvegen frå Ølensvåg til Eikås er 6,6 kilometer, og består i stor grad av oppgradering av eldre traktorvegar. Vegen inngår i ein større plan om å få ei samanhengande sykkelløype frå Ølensvåg, via Bjoa til Vikebygd. Prosjektet er finansiert gjennom tilskot, spelemidlar, dugnad og gåver, og har eit samla budsjett på om lag 6,6 millionar kroner. Etter planen startar arbeidet med vegen opp i sommar.

- Me trur at fleire turvegar får folk ut i aktivitet, og ikkje minst blir dette trygge vegar, både for dei som går og syklar. Sjå til dømes på turvegen frå Ølen til Etne, der kan ein både gå og sykle i god avstand til bilvegen og trafikken elles, meiner leiar i Vindafjord Turlag, Arne Gunnar Habbestad og viser til at desse vegane også er viktige for at dei med funksjonshemmingar også skal kunne nyte turlivet.

- Me ser og at folk er flinke til å kome på dugnad, og me er sjølvsagt heilt avhengig av positive grunneigarar i dette arbeidet, utan dei blir det ingen veg, fortel Habbestad.

Det aktive turlaget i Vindafjord hadde 790 betalande medlemmer i 2018.

VAF-midlar

Prosjektet er støtta økonomisk av blant anna Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) og Haugesund Sparebank. VAF er eigd av dei største bedriftene i Vindafjord kommune, og administrerer kompensasjonsmidlar som blir tildelt i samband med auka arbeidsgivaravgift.

- For oss er også spelemidlar og momskompensasjon viktige inntektskjelder. Me arbeider også framleis med andre bidragsytarar frå næringslivet, fortel Leif Grindheim som er innleigd som prosjektleiar. Arbeidet med turvegen har fram til no pågått i over to år, ein reknar med at vegen er ferdig innan prosjektet når tre år.

I prosjektet vil ein skoge langs vegen, reinske grøfter, få nytt toppdekke og setje opp eit permanent elektrisk gjerde slik at beitedyra held seg unna turvegen. På vegen over til Eikås vil det også bli bygd nye rekkverk til brua.

Utløyser rundløyper

Vegen vil gå frå havnivå og opp til 300 høgdemeter over havet, før den går nedover igjen. På Dueland vil det også bli laga parkeringsplass til 15 bilar, på Bjoasida er det parkering på velteplassen i Kolbeinshaugslia.

- Dette er ein turveg som blir bygt og vegen vil vere stengt for motorisert ferdsel, med unntak for grunneigarane. Langs deler av vegen vil det gå beitedyr, for å halde dyra borte frå vegen blir det sett opp totalt 5 kilometer med gjerde, kjem det fram i søknaden som er sendt kommunen angåande spelemidlar.

Med denne turvegen på plass vil ein også kunne utløyse attraktive rundløyper som til dømes med Ølensvåg som utgangspunkt og via Bjoa, Vikestølen, Vikebygd og Utbjoa, ei løype som vil bli 45 kilometer. Eller til dømes frå Ølensvåg og via Bjoa, Vikebygd og Bakkafoss før ein kjem attende til Bjoa og Ølensvåg, denne turen er 34 kilometer lang.


Illustrasjon: Kartverket/Leif Grindheim.

Rundt Bjoavatnet

På Bjoa opna dei også nyleg ny turveg rundt Bjoavatnet, dette prosjektet blei starta av idrettslaget lokalt, i tillegg til at mange dugnadskrefter har vore i sving også her. Blant anna har VAF, Sparebankstiftinga SR_bank, Etne Sparebank og Gjensdigestiftinga støtta det lokale turvegprosjektet.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details