Blir privat DNT-hytte

Det betyr at medlemmer av Den Norske Turistforening (DNT) får rabatt på overnatting og aktiviteter i Fjæra, på lik linje som DNT sine eigne hytter og turtilbod.

– Det er så god atmosfære der. God mat og flotte rom, og ikkje minst plasseringa. Dette er eit godt utgangspunkt for ein annen inngang til Gullruta vår, meiner styreleiar i Haugesund Turistforening, Lars Johann Milje i ei pressemelding.

Det tidligere skulebygget i Fjæra,som i 2017 blei overtatt av Robert Stråbø Melkeraaen og Laila Sørhus, har 10 rom med totalt 36 sengeplasser, og tilbyr aktivitetar som til dømes landets kanskje tøffeste Via Ferrata opp Kyrkjeveggen og nyhetenjuving, der ein tar seg ned i Smielva på Rullestad.

– Me ser fram til dette samarbeidet og håpar Turistforeningen sine medlemmer vil nytte dette tilbodet til å få oppleve den flotte naturen me har i Åkrafjorden, seier Robert S. Melkeraaen.

– Plasseringa til Åkrafjorden Nature Bed & Breakfast er heilt ideell som inngang til Etnefjella og vårt hytte-og rutenett. Særleg for dei som kjem langvegs frå, er det å begynne eller avslutte turen her heilt glimrande, seier Tore Haugen som er dagleg leiar i Haugesund Turistforening.

Gullruta i Etnefjella går innom seks av Haugesund Turistforening sine hytter, frå Seljestad til Olalia. Nå skal det T-merkast ny trasé frå Fjæra og Rullestadvatnet til hytta Simlebu, som både gir ny inngang til Etnefjella og ein kortare førsteetappe.

– Det er busstopp rett ved om du ønsker å reise kollektivt, eller parkeringsplass for gjester utanfor bygget, fortel Haugen.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details