Biovind-fabrikk klar neste år

Biovind sin biogass-fabrikk i Ølen næringspark skal etter planen stå ferdig ein gong neste år, og får truleg ein prislapp som nærmar seg 300 millionar kroner. Storsatsinga er ei av bedriftene som etablerer seg i den no fullteikna næringsparken.

Kjell Thomas Kirketeig er nytilsett dagleg leiar i Biovind. Han er i tillegg bonde og ein av gründarane bak prosjektet. I dag stiller han på fotografering i industritomta som ligg sentralt plassert i den nye næringsparken på Nerheim i Ølen. Næringsparken er fullteikna på kort tid, og viser behovet næringslivet stadig har for attraktivt og ledig næringsareal. 

– Me er godt i gang med innspurten av planlegginga, me prøver å få på plass finjusteringa av korleis det skal bli inni bygget, og ikkje minst korleis me løyser energibruken for å drifte anlegget. Me har også fått med oss Biobonden AS på eigarsida. Biobonden AS er eit aksjeselskap eigd av bønder som ønsker å eige i Biovind AS og levere gjødsel til anlegget, i tillegg til at me har mange avtalar med bønder i boks, fortel Kirketeig som saman med driftsleiar Rune Sørheim skal styre skuta vidare. 

Kjell Thomas Kirketeig slår fast at dei alt har på plass mange avtalar både med bønder og slakteri. (Foto: Kristian Risanger)


Skal levere til Aksdal

Biovind skal lage biogass av slakteriavfall og gjødsel frå lokale bønder. Fabrikken treng 123 000 tonn med gjødsel frå bøndene og om lag 13 000 tonn med slakteriavfall. Etter planen blir det tre–fire arbeidsplassar på sjølve anlegget. I tillegg blir det behov for ein god del transport, både av råstoff som skal inn til fabrikken og for å få biogassen ut til kunde. Nyleg blei det kjent at Aksdal skal få på plass den første drivstoffstasjonen i Rogaland for biogass-køyretøy. Prosjektet vart støtta av ENOVA med 7,1 millionar, og Kirketeig er særs glad for at stasjonen i nabokommunen kom på plass. 

– Skal du produsere biogass må ein ha ein stad å levere den, så me er godt nøgde med at denne stasjonen kjem i så kort avstand frå oss. Når me produserer på lokale råstoff gir det ein vanvittig gevinst i form av redusert CO2-utslepp, det har både ein miljøeffekt og økonomisk effekt. 

Ventar på ENOVA

Rune Furseth står bak selskapet som har formelt vart stifta i 2018. I åra fram til oppstart har mykje av tida gått med til å teste ut ny teknologi for å finne den løysinga som passar best for fabrikken i Ølen. Prosessen med å lage biogass frigjer nitrogen i gjødsel, som fører til at bioresten som bøndene får igjen er meir eigna som gjødsel og i større grad kan erstatte bruk av kunstgjødsel. Sjølv om planane er lagde ventar Biovind framleis på at ENOVA skal behandle søknad om støtte til prosjektet. 

– ENOVA er i ferd med å gå gjennom kva kriterium dei skal bruke for å støtte slike anlegg, me får truleg vite meir om kva dei landar på mot slutten av januar, fortel Kirketeig som likevel er nokså trygg på at søknaden vil gå gjennom. 


Morten Helland meiner interessa for næringsparken i Ølen viser at behovet for næringsareal er stort. (Foto: Jenny Henriksen Leite)

Treng næringsareal

Morten Helland er forretningsutviklar i Medvind24, i tillegg er han Vindafjord kommune sin representant i styret til Ølen næringspark. Han rosar aktiviteten i det lokale næringslivet og er godt nøgd med at alle tomtene, på til saman 100 mål, er selde i løpet av 10 månadar. Næringsparken er så godt som ferdig opparbeidd, no manglar berre ein del asfaltering. 


– Det er veldig kjekt å sjå at nye bedrifter etablerer seg i Vindafjord, i tillegg til at mange bedrifter også satsar vidare. Det er og flott at Vindafjord kommune har sikra seg ei tomt med tanke på Berge Sag og ein eventuell situasjon der E134 blir flytta og dei dermed mistar tomta dei har i dag, meiner Helland og viser til at samarbeidet med entreprenørane i prosjektet har vore godt. Tveit Maskin og Vikedal Mur og Anlegg har stått for opparbeidinga, begge bedriftene har også kjøpt tomter i næringsparken. 

Morten Helland er og tydeleg på at næringslivet har behov for tilgang til ledig næringsareal. 

– Me må sikre oss slik at dei som tar kontakt og ynskjer å etablere seg her finn ein stad som er attraktiv for dei. Har me ikkje ledige tomter tilgjengeleg vil dei raskt reise vidare til andre kommunar, meiner han. 

I tillegg til Biovind, Tveit Maskin, Vindafjord kommune og Vikedal Eigedom har Johannes Thomsen, Lurhaug Invest, Sigurd M Søvik, Lærdal Næringseiendom og eit selskap under etablering kjøpt tomter i næringsparken. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details