Ber statsministeren om meir marin forsking 

Kåre Heggebø er ein av få registrerte fiskarar i Ølen, og den einaste som har registrert båten sin i bygda. I langt over 40 år har han drive med fiske sidan han første gongen fekk vera med faren på fiske som 11-åring. I seinare år har han tatt på seg vervet som andre nestleiar i Norges Fiskarlag. 

Kåre Heggebø, lokal fiskar og andre nestleiar i Norges Fiskarlag, var nyleg hos statsminister Erna Solberg og fortalde om ei framtidsretta næring. Han gav gode signal for framtida, men bad om meir satsing innan marin forsking og at styresmaktene lyttar til fiskarane i konkurransen med vindmølleentusiastane om havområda. Foto: Privat.

Nyleg møtte Heggebø og Norges Fiskarlag statsminister Erna Solberg for å tala næringa si sak. Statsministeren fekk melding om at det står bra til med norsk fiskerinæring. Situasjonen i havet er god og dei fleste fiskeressursane er i god forfatning, samstundes som marknaden stadig etterspør norske produkt. 

- Næringa har eit enormt potensial til å skapa verdiar for landet vårt, og med rett forvaltning er fiskerinæringa full av muligheiter og ei næring å satse på for unge som ønskjer seg eit fritt, interessant og variert yrke, var bodskapen Heggebø hadde til statsministeren. 

Samstundes er marknadstilgang og handelsvilkår utfordringar fiskarlaget vil at regjeringa skal ha fokus på. Heggebø streka òg under kor viktig det er å prioritere forsking innan marin sektor, spesielt på dei store fiskebestandane som er grunnlaget for fiskarane sin økonomi. 

- Styresmaktene skal ha ros for satsing på forsking, men det burde vore gjort mykje meir. Me meiner at betre forsking mellom anna ville vist at me, for store artar som torsk og makrell, kunne tatt ut større mengder fisk. Fiskarane fryktar at både torsk og makrell kan beita ned sildelarver, som i neste omgang gjer at sildebestanden droppar. Forskarane som gir råd til styresmaktene er etter vår meining for forsiktige utifrå at dei veit for lite, ytrar nestleiaren i fiskarlaget. 

- Det blir negativt for fiskerane, men og for heile landet, meiner Heggebø. 

Kjempar mot vindmøller 

Ei anna utfordring fiskarane står over for er kampen om fiskefelta. For nokre tiår sidan var det ein kamp mot plassering av store olje- og gassinstallasjonar til havs. No dukkar den same kampen opp med utbyggarane av vindmølleparkar til havs. 

- Me er ikkje generelt imot vindmøller til havs, men ville sjølvsagt halde ein knapp på landbaserte vindmølleparkar. Fiskarlaget har vore med og peika på mange plasseringsalternativ for vindmølleparkar til havs, men er svært negative til ei plassering på Siragrunnen, som no er eit heitt alternativ for vindmølleforkjemparar. Vindmøller her vil etter vår meining øydelegge gode gyte- og oppvekstplassar for mange fiskeartar. Siragrunnen har historisk sett vore viktig for artar som makrell og vårgytande sild, og me er redde for kva ei utbygging vil få å seie for desse artane, seier Heggebø. 

Fiskarane er elles ikkje åleine om å kjempe mot vindmøllepark på Siragrunnen. Fleire miljøorganisasjonar har gått til samla front mot utbyggingsplanane på Siragrunnen utanfor Åna-Sira mellom Rogaland og Vest-Agder. Argumenta som blir brukt er at Siragrunnen er midt i knutepunktet på trekkfuglane sin motorveg mellom nord og sør og ein oase i havet med rev, tareskog og eit framifrå oppvekstområde for fisk og mylder av liv i havet.  

- Ein verre stad for vindkraftanlegg finst knapt i Noreg, meiner miljøorganisasjonane.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details