Dommersnes og Larsen feirer 25 år

I 1994 starta Ståle Dommersnes og Martin Larsen opp byggefirmaet Dommersnes og Larsen. Utgangspunktet deira var å halde seg i det små, men det gjekk fort frå smått til stort.


- Då me starta var det berre eg og Ståle. Me gjekk frå trygge jobbar i Kalstveit og Vik, men vart leie av å jobba på store prosjekt og hadde lyst til å gjere noko sjølv. Det var ei omstilling og ein risiko, spesielt når det kom til å skaffa jobbar, men det har gått fint, fortel gründer og dagleg leiar, Martin Larsen.

Stor omsetnad

Dei hadde planar om å halde seg til mindre prosjekt. Alt frå husbygging til hytter til tilbygg. Vanlegvis omset Dommersnes og Larsen for rundt 50-60 millionar og har 30 tilsette med rundt ti innleigde.

- Me sysselset stort sett rundt 30- 40 mann, som er veldig kjekt, men det kan vera noko hektisk til tider. Det er sånn me likar det, og me har vore heldige som har fått veldig flinke lokale folk, seier Martin. 

I 2018 omsette dei over gjennomsnittet med rundt 70 millionar. Dommersnes og Larsen har sikra seg arbeid ei god stund framover. Dei er blant anna i gang med Haugesund sjukehus, Vinje-senteret, Ølen vgs, og Sjøperlo.

- Me driv i eit godt distrikt sjølv om mesteparten av arbeidet me gjer er utanfor distriktet. Me får telefonar både frå Vinje, Suldal, Sauda og opp imot Bergens-området. Så generelt er me ikkje så mykje her, sett bort i frå administrasjonen er me mykje på farten.

Dommersnes og Larsen held til på Dommersnes industriområde i Vikebygd der dei har både kontor og lagerbygningar. I 2000 kjøpte Berge Sag seg inn og eig 50 prosent av verksemda. Dei kan tilby næringsbygg; kontor-/lagerbygg, skular, barnehagar, omsorgsboligar, nybygg einebustad eller hytte, tilbygg og rehabilitering. 

- Det er mykje konkurranse på Haugalandet så det er ikkje alltid like lett, men eg føler me har kome oss godt inn med dei større entreprenørfirmaene. Me tar ein del totalentreprise og generalentreprise.

Dommersnes og Larsen-gjengen. Foto: Dommersnes og Larsen

Totalentreprise er eit prosjekt der dei må stilla med arkitekt, prosjektering og alt, medan i generalentreprise er alt tilrettelagt, då er det er kun utførsel som trengs.

Feiring

I og med at dette er eit 25 års jubileum måtte det markerast på ein fin måte. Planen er ein tur til sydlegare strøk for gjengen i Dommersnes og Larsen.

- Me har bestilt oss ein tur til Marbella i Malaga, Spania, for alle tilsette med følgje. Me håpar at det blir ein kjekk tur for heile gjengen. Me tenkte òg å ha noko markering til dei beste kundane og slikt, men det får bli meir på sparket, fortel Larsen smilande. 

Han fortel videre at det har vore spennande og kjekt å halda på i 25 år, og synes framtida ser bra ut.

- Me har ambisjonar om å komma oss opp endå eit hakk. Så me får håpa at dei neste 25 åra blir like bra hvis ikkje endå betre, men forhåpentlegvis er ikkje eg her då, avsluttar Martin latterfullt.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details