Stilrent Bygg nye eigarar

 Onsdag 11. mai vart den gamle brannstasjonen i Ølen seld. Fire næringsaktørar med lokal tilknyting var med i bodrunden, men byggfirmaet Stilrent Bygg trakk det lengste strået.

Den gamle brannstasjonen i Ølen fekk i dag nye eigarar. (Foto: Kristian Risanger) 


Eigedomen ligg attraktivt til i Ølen sentrum med eiga strandlinje, men bygningane reknast i takstrapporten som renoveringsobjekt. Det var fleire interessentar med i biletet, men eigedomsmeklar Øystein Vestre i Eiendomsmegler 1, haldt onsdag korta tett til brystet om kven som gjekk sigrande ut. 

– Eg ynskjer ikkje å kommentere kven som til slutt vart kjøpar av bygget, men alle fire bodgjevarane hadde tilknyting til Vindafjord gjennom næringsverksemder, seier han.

Torsdag var det klart at det er Stilrent Bygg som var kjøparane av eigedomen. Byggselskapet som vart stifta i 2021, har på kort tid hatt stor vekst og har mellom anna hatt ansvaret for tømrararbeidet på nyoppførte Ølen Torg. 

 Vindafjord kommune henta inn 5,5 millionar på salet, og Vestre har tru på dei nye eigarane. 

 – Eg trur dette kan bli eit spanande og bra opplegg, avsluttar han. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T