Stilrent Bygg nye eigarar


Eigedomen ligg attraktivt til i Ølen sentrum med eiga strandlinje, men bygningane reknast i takstrapporten som renoveringsobjekt. Det var fleire interessentar med i biletet, men eigedomsmeklar Øystein Vestre i Eiendomsmegler 1, haldt onsdag korta tett til brystet om kven som gjekk sigrande ut. 

– Eg ynskjer ikkje å kommentere kven som til slutt vart kjøpar av bygget, men alle fire bodgjevarane hadde tilknyting til Vindafjord gjennom næringsverksemder, seier han.

Torsdag var det klart at det er Stilrent Bygg som var kjøparane av eigedomen. Byggselskapet som vart stifta i 2021, har på kort tid hatt stor vekst og har mellom anna hatt ansvaret for tømrararbeidet på nyoppførte Ølen Torg. 

 Vindafjord kommune henta inn 5,5 millionar på salet, og Vestre har tru på dei nye eigarane. 

 – Eg trur dette kan bli eit spanande og bra opplegg, avsluttar han. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details