Mål om nullutslepp-turisme i Åkrafjorden

Åkrafjorden Oppleving AS har fått Enova-støtte for å skape energinøytrale reiseopplevingar i den populære fjorden. Åkrafjorden kan med dette bli Noregs mest innovative reiselivsdestinasjon.

Åkrafjorden kan bli Noregs mest innovative reiselivsdestinasjon. (Foto: Jan Rabben) 

Selskapet Åkrafjorden Oppleving AS har som mål å implementere og ta i bruk nye teknologiske og fornybare løysingar for turistnæringa. Arbeidet med konseptstudien starta i januar.

– Det viktigaste med studien er å sjå på nye moglegheiter til grøne løysingar som kan gjere turistnæringa i Åkrafjorden energinøytral, fortel John Karsten Hustveit, dagleg leiar i Åkrafjorden Oppleving i ei pressemelding.


John Karsten Hustveit har tru på at ein kan få realisert grøne løysingar for reiselivet i Åkrafjorden. (Foto: Økland Foto)


Breitt samarbeid 

Med seg i arbeidet har han representantar frå Future Marine Solutions på Bømlo, Haugaland Kraft, Hydrogen Solutions og Atheno på Stord, samt Saltånokraft og KAMBO Energi. Gruppa ser på mange komplimenterande løysingar for å nå målet.

–Eg har store forventningar til at me kan få til gode og berekraftige løysingar knytt til båtar som går på straum eller hydrogen, auka produksjon av grøn energi, og smarte løysingar til styring av energi, seier Arne Mæland som er leiar for Future Marine Solutions.

Bruk av moderne solcelleteknologi vil og vere del av totalløysinga.

– Klarar me å utnytte kombinasjonen av dei ulike fornybare løysingane vil me verkeleg markere Åkrafjorden på kartet, og sette ein ny standard for berekraftige reiselivsmål i Noreg, held Hustveit fram.


Enova-støtte

Det er ikkje berre det «store biletet» det vert arbeidd med blant dei ulike samarbeidspartnarane.

– Me kjem til å gå i detalj på mykje. Me vil blant anna sjå konkret på korleis ein kan nytte elektrolyseteknologi for småskala grøn hydrogenproduksjon frå vasskraftverk, og korleis me kan bygge ut hamneinfrastrukturen i Fjæra med landstrøm.

Arbeidet med studien hadde ikkje vore mogleg utan støtte frå Enova.

– Me er svært takksame for at Enova ser verdien av å vere med på finansieringa av studien, og me håpar at resultatet som vert lagt fram i august er så spennande at dei ynskjer å bli med i ei fase 2 når den tid kjem. Eg vil og rosa våre gode faglege samarbeidspartnarar og næringsselskapet Atheno som har vore viktige for å kople saman ulike aktørar og fasilitere prosessen, avsluttar Hustveit i pressemeldinga.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T