Starte egen bedrift?

Har du en forretningsidé og lurer på hvordan du skal gå frem for å start din egen bedrift?

Starthjelp

Har du en forretningsidé du vil gjøre alvor av, men er usikker på hvor du skal starte? Eller jobber du med nye konsept, produkt eller tjenester i bedriften, og vil ha litt hjelp på veien?

Medvind Næringshage tilbyr gratis etablerarrettleiing til gründerar i alle fasar i Vindafjord og Etne. Terskelen for å diskutera med oss er låg, og me har naturlegvis taushetsplikt. Ta gjerne kontakt med oss, så tar me ein prat! 

Me bidrar med rådgiving til alle som

  • vil starta eiga bedrift, og lurer på korleis ein skal gå fram  
  • har ein forretningsidé og vil gjera alvor av det
  • allereie driv ein bedrift (lita eller stor) og ønskjer knoppskyting
  • jobbar med nye konsept, tenester og produkt i si bedrift

Hjå oss kan du få:  

  • Ein sparringpartner i hele prosessen frå idèen til sal
  • Gode råd og tips om kva du bør tenkja gjennom når du skal etablera eller vidareutvikla bedrifta og ideen din
  • Ein koplingsaktør som set deg i kontakt med aktuelle aktørar som kan vera viktige for deg i etableringa
  • Rettleiing til verkemiddelapparatet og aktuelle tilskots- og støtteordningar
  • Tilgang til eit omfattande nettverk av allsidig fagkompetanse, etablerte bedrifter, verkemiddelapparat og mentorar

Kommunane i Noreg har plikt å kunna tilby informasjon og rettleiing til nyetablerte bedrifter/start-ups, såkalla førstelinjeteneste. Medvind24 Næringshage utfører denne tenesta på vegne av Vindafjord og Etne kommunar. 

Vil du starta for deg sjølv? Her finn du nyttige linkar som kan hjelpa deg på vegen

Rediger Content Item

Næringsfaglig vurdering

Går du med planar om å etablera eiga bedrift, kan du søka om dagpengar i etablerarfasen.  For å få dette godkjent treng du ei næringsfalig vurdering. Medvind Næringshage utfører næringsfaglege vurderingar i samarbeid med NAV.  Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon

Rediger Content Item

Tilleggsnæring i landbruket

Hjå oss kan du få rettleiing i samband med utviklinga av tilleggsnæring på garden din. Me kan setja deg i kontakt med verkemiddelapparatet og bidra til avklaringar og evt søknadar om tilskot til prosjektet.  Medvind har eit breitt nettverk av kompetansebedrifter innan økonomi, landbruk, lokalmat og tilleggsnæringar. 

Ta gjerne kontakt med oss for ein prat! 

Rediger Content Item

Støtteordningar og tilskot

Det finnest ei rekkje ulike støtteordningar for lokale bedrifter, og Medvind kan hjelpa deg å finna fram til ordningar som passar di verksemd eller prosjekt. Me kan også bidra i søknadsprosessen. 

Aktuelle tilskotsordningar 

Etne Kommune sitt lokale næringsfond 

Føremålet med fondet er å fordela midlar slik at dette gir best mogeleg næringsutvikling og verdiskaping i Etne kommune. Etablerte bedrifter og verksemder kan søka. 

Rogaland Fylkeskommune

Forregion: Forskingsbasert innovasjon i regionane

Rogaland fylkeskommune har fire verkemiddel som skal bidra til auka berekraftig verdiskaping gjennom forskingsbasert innovasjon gjennom Forregion: 

  • Kompetansemekling: Kompetansemeklarar skal bistå bedriftene i å etablera prosjekt der ein nyttar forsking for å oppnå innovasjon. Kompetansemeklarane kan også kopla bedrifter med relevante støtteordningar og FoU-miljø og vera ein bidragsytar til søknadsutvikling. Kompetansemekling er gratis. 
  • Forprosjekt: Støtteordninga er retta mot bedrifter som har lita eller inga FoU-erfaring. Bedrifta må samarbeida med eit godkjent FoU-miljø i prosjektet. Forprosjektet skal leggja grunnlag for ein søknad om støtte til hovudprosjekt, der ein kan nytta andre verkemiddel for forsking, t.f Regional forskingsfond. 
  • Nettverksmøter: Forskings- og utviklingsmøte der både næringsliv og forskingsmiljø skal vera representert, der ein har som mål finna løysingar på felles utfordringar gjennom forskingsprosjekt. 
  • Student til låns: Studentar kan skriva si bachelor/masteroppgåve som del av eit innovasjonsprosjekt i ei Rogalandsbedrift. Oppgåva skal vera eit samarbeid med bedrifter og relevante for næringslivet.

Bedriftsintern opplæring

Tilskotsordning for å støtta kompetanseheving hjå tilsette i samband med omstilling i bedrifta. Det kan søkast om støtte til kurs, kursmateriell, reiseutgifter, lønnsutgifter, og rådgivingstenester. 

Søknadsfrist: 1. september 2023. 

Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket

Tilskotsordning som skal støtta opp om prosjekt som kan utvikla og styrka verdiskapinga i landbruket i Rogaland.  Midlane skal støtta opp om prosjekt som bidrar til omstilling og klimasmart utvikling, modernisering av økologisk og tradisjonelt landbruk, utvikling av ressursgrunnlaget på garden, lokal mat, drikke og reiseliv. Desse kan søka om tilskot: kommunar, landbruksorganisasjonar/lag, næringshagar, naturbruksskular, samarbeidsorgan/nettverk innan landbruket.  

Søknadsfrist: 13. oktober 2023 

Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket

Tilskotsordning retta mot regional rekruttering, kompetansebygging og omdømme i landbruke. Desse kan søka om tilskot: kommunar, landbruksorganisasjonar/lag, næringshagar, naturbruksskular,  samarbeidsorgan/nettverk innan landbruket.   

Søknadar blir behandla fortløpande, siste frist er 30. november 2023.  

Regionalt forskingsfond

Regionalt forskingsfond Rogaland skal støtta opp om næringslivet sitt behov og retta seg mot kunnskapsområde som nyttar og forsterkar regionen sine konkurransefortrinn. Forskingsfondet skal leggja til rette for meir kunnskapsbasert innovasjon i næringslivet og offentleg sektor og bidra til å byggja opp relevant kunnskap i forskingsmiljøa. 

Regionalt næringsfond

Kommunar og selskap med kommunalt eigarskap kan søka på denne ordninga. Fondet skal stimulera til næringsutvikling og berekraftig verdiskaping i tråd med Nærings- og innovasjonsstrategien for Rogaland.


Vestland Fylkeskommune

Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket

Tilskotsordninga skal legge til rette for styrka omdøme, rekruttering og kompetansebygging med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket. Desse kan søka: Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Enhetsregisteret. Føretak som er registrert i Enhetsregisteret, om tiltaket har som føremål å fremje fellesgoder knytt til næringsutvikling (tilretteleggande tiltak). Søknadsfrist: 15. april og 1.oktober

Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket

Midlane til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket skal legge til rette for regional næringsutvikling med mål om å styrkje verdiskapinga i landbruket. Søknadsfrist: 15. april og 1.oktober

Skattefunn

 Bedrifter kan føra frådrag for 19 % av utgiftene i eit forskings- og utviklingsprosjekt. For å få godkjenning må prosjektet oppfylla krava for å bli definerte som FoU i samsvar med skattelova. 

BAN – Business Angel Network Haugesund

Investornettverket BAN Haugesund har som føremål å finna, finanisera og rådgi lovande, unge selskap. 

Innovasjon Norge

Innovasjon Norge har fleire moglegheiter for lån og tilskot til oppstartsbedrifter som er yngre enn 3 år (unntaksvis 4 år)  og har nyskapande forretningsidear:   

Innovasjon Norge har også ei rekkje andre tilskotsordningar og finaniseringsmoglegheiter:

Tilskot og lån til tilleggsnæring

Dersom du ønskjer å vidareutvikla ei tilleggsnæring på garden, kan du søka om tilskot og lån hjå Innovasjon Norge, dersom prosjektet er lønnsamt. Du kan få støtte til ideavklaring og etablering, bedriftsutvikling og investeringar.  

Tilskot til innovasjonskontraktar

Tilskot til bedrifter som utviklar eit innovasjonsprosjekt i eit forpliktande samarbeid med ein pilotkunde. Målgruppa for denne ordninga er innovative bedrifter med internasjonalt vekstpotensial.

Tilskot til bioøkonomiprosjekt

Tilskot til små og store bedrifter som utviklar løysingar for produksjon, foredling og distribusjon av ressursar basert på hav, jord og skog. 

Tilskot til miljøteknologiprosjekt

Ordninga rettar seg mot bedrifter som utviklar ny miljøteknologi: innovative produkt og prosessar som løyser eit miljøproblem. 

Tilskot til smarte transportløysingar

Tilskotet er retta mot bedrifter som utviklar nye teknologiar, tenester eller forretningsmodellar for meir effektivt, trygt og miljøvennleg transportsystem.

Bedriftsnettverk

Tilskot til bedrifter som  i samarbeid vil utvikla eit nettverk for  utvikling og realisering av nye marknadsmoglegheiter i eksisterande eller nye marknadar.  Bedriftsnettverket må bestå av minst tre små/mellomstore bedrifter i Norge. 

Grønt investeringstilskot i distrikta

Ei støtteordning for industribedrifter i kommunar innan verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte (Etne er i dette verkeområdet, ikkje Vindafjord) 

Regionale distriktsmidler

Innovasjon Norge har tilskot som rettar seg mot bedrifter og etablerarar i verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte, og som vil bidra til verdiskaping, sysselsetjing, nyskaping og omstilling i Ei støtteordning for industribedrifter i kommunar innan (Etne er i dette verkeområdet, ikkje Vindafjord) 

Tradisjonelt landbruk

Innovasjon Norge kan gi støtte til investeringar innan tradisjonelt landbruk. 

Bionova – tilskot til bioøkonomi og klimatiltak

Tilskot retta mot tiltak innan jordbruk, skogbruk og havbruk som kan bidra til å nå målet om lågutsleppsamfunn. 

Tilskot til omdømmeaktivitetar for landbruket

Innovasjon Norge har stønadsordning  for arrangement og aktivitetar som bidrar til å auka kunnskap og omdømme av norsk landbruk .  

Bedriftsnettverk i landbruket

Innovasjon Norge tilbyr finanisering og fagleg støtte til etablering av samarbeidsprosjekt i landbruket. 

Vekstfinanisering innan mat og reiseliv

Innovasjon Norge kan gi støtte til aktørar innan lokalmat- og drikke, reiseliv, og innlandsfiske. Ordninga er retta mot bedrifter som har store utgifter tilknytt vekstfasen i bedrifta. 

Tilskot til å delta på messer

Bedrifter som i fellesskap skal vera utstillarar på messer i utlandet kan søka om tilskot til dette. Ordninga er retta mot som og mellomstore bedrifter med potensial/ambisjon om auka eksport av grøne løysingar som kan bidra til å løysa globale samfunnsutfordringar.  

Andre ordningar gjennom Innovasjon Norge: 

 

Rediger Content Item

Kontakt Kari for å leige plass

Kari Aakra

Daglig leder

Telefon: 971 88 516
E-post: kari@medvind24.no

On test
Starthjelp
/starthjelp