Reiselivsaktivitet i Vindafjord 2024: Samling for leverandørar innan reiseliv

Medvind Næringshage inviterer leverandørar innan reiseliv til ei inspirerande samling den 22. februar kl. 17.00.

Medvind Næringshage inviterer leverandørar innan reiseliv til ei inspirerande samling den 22. februar kl. 17.00. Arrangementet vil finna stad i Medvind Næringshage i Ølensvåg

Programmet for samlinga er som følgjer:

  • 17:00 - 17:30: Pizza og velkomst
  • 17:30 – 18:00: Kva kjenneteiknar den vestlandske turisten - Margrethe Hegebostad, Innovasjon Norge (via Teams)
  • 18:00 – 18:45: Reiselivsstrategi for Vindafjord – Halfdan Krohn Brekke, Vindafjord kommune
  • 18:45 – 19:00: Pause
  • 19:00 - 19:45: Reiselivssatsinga i Åkrafjorden – John Karsten Hustveit, Åkrafjorden Oppleving
  • 19:45 – 20:00: Oppsummering og neste steg

Arrangementet er gratis, Påmelding innan 19. februar.

Meld deg på her!

Dette arrangementet markerer starten på eit spennande reiselivsprosjekt støtta av Regionalt næringsfond i Rogaland 2023. Prosjektet har som mål å identifisere, evaluere, og etablere samarbeid mellom lokale leverandørar for å skapa ei meir berekraftig, autentisk, og positiv oppleving for både turistar og lokalsamfunnet.

Dette er den første av to workshopar i prosjektet, som har som mål å kartleggja og styrkja reiselivsleverandørane i Vindafjord.

Reiselivet på Haugalandet opplever positiv vekst, særleg innan cruisebåtsegmentet. Vindafjord har dei same ressursane som andre destinasjonar i området og eit stort potensial for utvikling. For å utnytta potensialet er det viktig å auka den lokale kunnskapen om berekraftig reiseliv og visa fram moglegheitene innan reiselivet lokalt. Gjennom prosjektet ynskjer me å Identifisere og dokumentere lokale leverandørar, og gjennom dette leggja grunnlag for etablering av eit lokalt bransjenettverk. Det finst andre kommunar og aktørar rundt oss som har klart dette på framifrå måtar og som me kan læra av. Skal me få noko til i Vindafjord, er det viktig at dei ulike leverandørane snakkar i lag og kan klare å finne løysingar saman. 

Prosjektet er støtta av Regionalt næringsfond i Rogaland, med ei kostnadsramme på 200 000 kroner. Styringsgruppa består av representantar frå Vindafjord kommune, Åkrafjorden Oppleving, næringslivet, og Medvind Næringshage.

Me ser fram til ei givande samling og eit fruktbart samarbeid for å styrkja reiselivsnæringa i Vindafjord. 


Rediger Content Item
On test
Hva skjer detaljer
/hva-skjer-details