Offentlege anbod: Korleis kan fleire leverandørar ta del?

Velkommen til seminar om offentlege anskaffingar 17. januar, kl. 08.30, på Medvind i Ølensvåg.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Fikse Næringsforening, Medvind Næringshage, Etne kommune og Vindafjord kommune. 

Program: 

  • Kl. 08.30 Nye reglar om offentlege anskaffelsar v/Odd  Åge Aas, Sparringspartneren

Som følgje av nytt regelverk skal nå miljø, klima og berekraft vektast 30 prosent i offentlege anskaffingar. Dei nye reglane trådde i  kraft 1.januar. Odd Åge Aas informerer om kva dei nye reglane betyr og korleis ein kan imøtekoma dei nye krava. 

Innkjøpsansvarlege i Vindafjord og Etne kommunar, Beate Tandrevold og  Bjarte Dagestad informerer om innkjøpsarbeid i kommunane:

  • Korleis jobbar kommunane med innkjøp? 
  • Pause
  • Korleis kan fleire lokale bedrifter ta del i offentlege anskaffelsar hjå kommunane? 
  • Tips og triks om offentlege anbod:
    • Korleis lesa anbodspapir? 
    • Korleis levera inn tilbod? 
  • Korleis kan me samarbeida vidare? 
  • kl. 11.30: Vel heim

Det blir opna for spørsmål og dialog undervegs. Send oss gjerne spørsmål i forkant dersom du lurer på noko spesielt rundt offentlege anskaffelsar. Spørsmål kan de senda oss via påmeldingsskjemaet.

Påmelding innan 15.januar

Arrangementet er gratis. 

Rediger Content Item
On test
Hva skjer detaljer
/hva-skjer-details