Trafikktryggleikspris til Krakk Transport

Krakk Transport i Vats fekk nyleg nasjonal pris for god trafikktryggleik og få skader. – Ein vel fortent pris, dei har ein god kultur bygd på kvalitet og tryggleik, meiner Sigve Lervik i opplæringsfirmaet Instruo.

Image
Endre Krakk og faren Jakob Krakk  er både glade og overraska over den nasjonale trafikktryggleiksprisen som bedrifta har fått. (Foto: Erich Monteiro )


Det er IF og Norges Lastebileier-Forbund (NLF) som står bak den nasjonale trafikktryggleiksprisen. Prisen er 30 .000 kroner og vart del ut under NLF sitt landsmøte.

– Det er veldig kjekt at me får pris, sjølv om det var uventa. Me prøver å halde skadestatistikken nede og ha fokus på tryggleik på vegen. For oss er det viktigare at sjåførane kjem trygt fram enn at ein skal presse alt maksimalt. Difor har me alltid litt god tid i køyrerutene våre, det trur eg er viktig, seier Endre Krakk.

Går i arv

Endre Krakk er tredje generasjon i bedrifta, far Jakob er framleis med i drifta sjølv om han er blitt pensjonist og neste generasjon i familien er no inne som lærling i familiebedrifta. I grunngjevinga til prisen heiter det blant anna at selskapet har ein vesentleg lågare skadefrekvens enn tilsvarande bedrifter på lik storleik. Det blir lagt vekt på at selskapet har eit godt omdømme både blant bransjekollegar og kundar, samt at sjåførane i bedrifta meiner leiinga tar trafikktryggleik på alvor.

– Me har ingen som sit fast på kontoret, her er me i bilane alle mann. Det gjer jo og at me er tett på kvardagen og utfordringane som sjåførane våre møter. Eg kan ikkje skryte nok av dei, og den jobben dei gjer. Ofte er jo jobben å køyre på utfordrande vegstandard, og gjerne på vanskelege vintervegar. Då må ein halde hovudet kaldt, og det er dei flinke til, mange av sjåførane våre har og lang fartstid og mykje erfaring, meiner Endre Krakk.

Bedrifta har 10 tilsette og omsette i 2020 for godt over 20 millionar kroner. Sandeidselskapet Instruo er inne i selskapet med rådgjeving og kurstilbod.

Gode system

– Instruo hjelper oss med å setje ting i system, dei overvakar køyre - og kviletider hjå oss og ser oss i korta slik at alt blir gjort på ein skikkeleg måte. I tillegg tilbyr dei kurs som alle transportsjåførar nasjonalt må gjennomføre kvart femte år for å behalde jobben, seier Krakk.

Sigve Lervik i Instruo meiner Krakk Transport driv godt, også med tanke på trafikktryggleik.

– Transportbedriftene generelt må ha meir og meir fokus på dette området. Hjå Krakk Transport har dei ein stabil gjeng med sjåførar, der kulturen ber preg av tryggleik og kvalitet, meiner han.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T