Rigger seg for vekst

I Medvind24-lokala i Sandeid er arbeidsfolka i full gong for å utvide og pusse opp.

Image
Dagleg leiar i AdmMit, Jon Nielsen, ser fram til større og meir funksjonelle lokale i næringshagen i Sandeid. Foto: Inga Klokkerstuen Wangensteen. 


Både AdmMit og fleire av dei andre bedriftene i næringshagen er i vekst, så behovet for større plass er aukande, fortel dagleg leiar i AdmMit, Jon Nielsen.

Image
Safane til den gamle banken som først haldt til i bygget, står der fortsatt, og skal no få ein heidersplass i lokala. Foto: Inga Klokkerstuen Wangensteen. 

– Per i dag sit fleire av oss i eit ope kontorlandskap, men no skal alle få eigne cellekontor. Dei tre etasjane vert også sydd betre saman. Inngangspartiet vil leia rett inn i næringshagen, og me får også fleire funksjonelle møterom og eit digitalt møterom i kjellaren. Me og fleire av dei andre bedriftene kommuniserer mykje med kundar via video, og då er det eit godt verkty å ha eit eige studio der ein lettare kan vise fram visuelle løysingar, fortel Nilsen.

Sjølv om næringshagen rommar enkeltståande bedrifter, bidrar felles kjøken og pauserom til den sosiale fellesskapen.

– Me får no ny kjøkeninnreiing og betre plass til å ete lunsj saman. Særleg fredagen er blitt ein sosial arena. Då kiker gjerne også andre kjenningar innom som ikkje har kontorlandskap her, men som gjerne jobbar offshore og har fri. Då er det topp stemning, smiler Nielsen.

Oppussinga tek også sikte på å løfte fram meir av Sandeidhistorien.

Me ynskjer å bruke ein del eldre bilete frå Sandeid i innreiinga, og i tillegg skal dei gamle safane få sin eigen heidersplass i lokalet, seier Nielsen. Bygget romma i si tid banken i Sandeid, og to gamle safar er nokre av minna som står att.

Per i dag rommar næringshagen i Sandeid fylgjande bedrifter: Suldal Transport, Riggutdanning.no, Odda Boligutleie, NorLog Gruppen, R&J Invest, Daikin, Nordlo, 3D Consulting, Biovind, Biogas Energi, Lærdal Maskin, AdmMit og Sea Tank Chartering.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T