Nye koronamidlar i Etne

Etne kommune har fått tildelt 941.000 kroner i ein ny runde med koronamidlar.  I denne omgangen blir bedrifter innan overnatting, reiseliv, arrangement og servering prioriterte. 

Etne kommune er no klar med ein ny runde med koronamidlar til næringslivet. (Foto: Inga Klokkerstuen Wangensteen)

Koronamidlane skal kompensere lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følgje av smitteverntiltak eller nedstenging. Målgruppa er lokale små-og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Etne kommune .

Her kan du søkje: 

   

Målet med ordninga er å setje kommunen raskt i stand til å hjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal og hjelpa dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. 

På eigne nettsider legg også kommunen vekt på at dei har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen. Søknaden må dokumentere tap som følgje av smitterverntiltak og nedstenging. Søknadsfristen er 21 januar, og formannskapet i Etne kommune handsamar søknadane 8.februar. 

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T