Ny sommar med Game of Skills

Også dette året kan lokale bedrifter bli med på rekrutteringsprosjektet Game of Skills. Målet er at studentar skal finne attraktive og relevante sommarjobbar i Etne og Vindafjord. 

Prosjektleiar Jenny Henriksen Leite håpar mange bedrifter melder si interesse for Game of Skills denne sommaren. (Foto: Kristian Risanger)

– Me fekk mange positive tilbakemeldingar frå bedriftene som var med i fjor, me ser og at mange har fylgt med prosjektet og fått eit sterkare innblikk i bedriftene rundt oss, seier prosjektleiar Jenny Henriksen Leite frå Omega 365 Design. 

I fjor var 12 bedrifter med i prosjektet, i år håpar Henriksen Leite det blir endå fleire som blir med. Nett no blir det sendt ut ei kartlegging for å finne ut om bedriftene er interessert og kva opplegg som vil passe best for kvar enkelt. Når startskotet er sett byrjar arbeidet med å marknadsføre dei spanande stillingane i regionen, knyte nettverk opp mot studiestadar og ikkje minst nå studentane via sosiale medium. 

Vil du vere med på Game of Skills?


– Eg håpar fleire bedrifter blir med og ser verdien i det  å knyte til seg studentar. Studentar som søkte i fjor utan å få jobb håpar eg prøver seg også i år, fortel prosjektleiaren. 

Det er Medvind24 Næringshage, VAF og Fikse Næringsforering som står bak rekrutteringsprosjektet,  som er inspirert av Sildicon Valley-satsinga på Haugalandet. 

Mange løysingar

Jenny Henriksen Leite viser også til at bedriftene slett ikkje treng å ha ledige sommarjobbar for å få godt utbytte av prosjektet. 

– Her er mange alternative løysingar, kanskje er det aktuelt at nokon skriv bacheloroppgåve om ei aktuell problemstilling i bedrifta di, eller ein kan jobbe på andre tidspunkt enn sjølve sommarferien. Ein kan ta kontakt med både næringshagen og næringsforeningen for rådgjeving til å finne gode løysingar på dette, slår ho fast. 

–Bedriftene står ikkje åleine om å finne ut kva ein kan bruke studentane til, me held kontakten og finn ut av dette saman. Prosjektet gir ein stor verdi, både for bedriftene som søkjer ny kompetanse, og for studentane som treng erfaring. 

God nettverksbygging

Henriksen Leite meiner det er viktig at bedriftene blir vist fram på ein god måte, både inn mot studentane og i lokalsamfunnet. Noko som igjen vil gi god marknadsføringseffekt på både kort og lang sikt. 


– Når bedrifter er med her vil folk sjå at dei er framoverlente og at dei er   på jakt etter unge krefter. Eg er oppteken av at studentar skal søkje jobbar utan at det nødvendigvis er utlyste stillingar. Det er lov å ta kontakt for å høyre om det passar å ta ein kaffi, meiner ho.

– Det er gull verdt å knyte nettverk. Det kan virke kjempeskummelt å søkje jobb når krava er så høge, men ein må ta nokre sjansar. Om du ikkje får drøymejobben med ein gong kan det hende bedrifta finn andre moglegheiter til nettopp deg. I dette prosjektet får studentane nettverksbygging og erfaring, og ikkje minst får dei oversikt over alle sjansane som lokalt næringsliv byr på. 

Brei marknadsføring 

Det kostar 15000 for bedriftene som ynskjer å delta. Inkludert i summen får dei rådgjeving og ikkje minst ei brei marknadsføring av bedrifta og jobbane dei kan tilby. Oppstarten i prosjektet er til sommaren, då håpar også prosjektleiaren at koronasituasjonen har roa seg. 

– Dette er ein unik sjanse til å få vist fram bedrifta si, og eg trur studentane er på leit etter arbeidsplassar der dei kan ha kjekke og lærerike dagar. Det er superkult når bedrifter med mykje kompetanse og kunnskap får inn ny energi i form av studentar. 

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T