Ny Helgevold-direktør

Anne Marit Helgevold Heggebø er ny administrerande direktør i Helgevold Elektro. Ho tar over sjefsjobben i ei tid der elektrikarfirmaet er i sterk vekst.

Image
Anne Marit Helgevold Heggebø tek over sjefsjobben i Helgevold Elektro etter faren og gründer Johannes Helgevold. (Foto: Helgevold Elektro)


På den årlege tryggleiksdagen hjå selskapet vart gründer og direktør Johannes Helgevold takka av etter å ha bygd opp den solide familiebedrifta. Framover skal Johannes ha tittel som forretningsutviklar, mentor og gründer på nye prosjekt. No er det dottera, Anne Marit som tek over leiarjobben. Sjølv har ho økonomiutdanning og mange år bak seg i blant anna Gjensidige, Omega og Tveit Regnskap før ho kom til Helgevold i 2013.

– Eg har jo vakse inn i dette. Far min starta Helgevold i kjellaren heime så eg veit jo kor mange arbeidstimar han la ned, og kva livsstil jobben blei. No er bedrifta blitt så stor at me har fått med mange flinke folk, det betyr og at eg som leiar ikkje treng detaljert fagkunnskap om elektrikarfaget, det har eg nære kollegaer som har.

– I tillegg er eg naturlegvis kjempeglad for at Johannes ikkje skal pensjonere seg, han blir med vidare som ei veldig god støtte. No skal han få tid til å jobbe med overordna saker, og er framleis med i styret i alle selskapa våre, fortel Heggebø.

Stolte fagarbeidarar

Sjølv blir ho motivert av å legge til rette for gode og lokale arbeidsplassar, og gi dei tilsette arbeid som dei trivs med. Ho brenn for at bedrifta skal vere framtidsretta, og meiner det er viktig å tenkje utvikling heile tida

– Det er viktig at fagarbeidarane våre er stolte over jobben sin, det er eit av fokusområda våre. Alle treng ikkje ha høge utdanningar, me treng flinke fagfolk og.

Helgevold er opptatt av å rekruttere lokalt, og målet er at bedrifta skal vere der kundane er. Den siste tida har dei fått jobben med prosess-styring på et RAS-anlegg på Island, og er i konkurranse om større oppdrag nasjonalt.

– Me planlegg difor å etablere ei reisegruppe som skal være med på nasjonale oppdrag. I denne gruppa treng me både elektrikarar, base og prosjektleiarar.

Lærlingar og miljø

Helgevold tar inn fleire lærlingar kvart år, og akkurat nå er det 28 ungdommar som har si læretid i bedrifta. I tillegg til rekruttering blir berekraft og eit viktig område framover.

– Me er miljøfyrtårnsertifisert, og jobbar strategisk med alt frå elbil-lading, til energieffektivisering av bygg og solceller. Me har også sett opp våre eigne berekraftsmål som me skal jobbe for å nå framover, slår den nye direktøren fast.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T