Kåre Heggebø ny leiar i Norges Fiskarlag

Kåre Heggebø frå Ølen er vald til ny leiar i Norges Fiskarlag. Han ynskjer seg breiare politisk oppslutning om tiltak som kan føre næringa gjennom det grøne skiftet.

Image
Kåre Heggebø er ny leiar i Norges Fiskarlag. (Foto: Jan-Erik Indrestrand)


– Me treng ro og tryggleik for næringa no framover, no må me få ei politisk behandling og god nok økonomi til at me kan foreta det grøne skiftet på ein god måte, meiner den nyvalde leiaren. Kåre Heggebø er sjølv ein erfaren fiskar og har ein lang karriere bak som seg tillitsvald i Norges Fiskarlag. Dei siste åtte åra har han vore andre nestleiar, no tar han over leiarjobben frå Kjell Ingebrigtsen.

Ynskjer politisk semje

Heggebø har også vore leiar for Fiskarlaget Vest, han er oppteken av forutsigbar utvikling av næringa framover.

– Den nye regjeringa har varsla gjennomgang av kvotemeldinga og ynskjer behandling av ein ny versjon av meldinga. Me håpar det skal gi betre løysingar, og ikkje minst ei brei politisk oppslutnad i Stortinget slik at den held seg lenger enn ein periode.

– Det er jo kjekt at eit fleirtal framleis peikar på at dei trur eg kan gjere ein god jobb som leiar. Heggebø viser til at Noreg står seg godt som fiskarnasjon, men at ein no treng alternative løsyingar og ikkje minst innovasjon på plass for å kome seg gjennom det grøne skiftet.

Biodiesel er alternativet

– Me har ei kjempeutfordring med å kutte utslepp, når det ikkje finst alternativ. Me kan ikkje bruke batteri som ei ferje kan, det einaste reelle alternativet for oss som drivstoff er biodiesel. For det første er det lite tilgjengeleg, og for det andre er det ein ekstrem pris på det. Me må passe på at me konkurrerer på lik linje som dei andre fiskarnasjonane.

– Potensialet i næringa i form av å fiske mykje meir tonn er ikkje så stort, men det er stort potensiale i å få meir verdiskaping ut av det me fiskar.

Vekependling

Med hovudkontor i Trondheim blir det vekependling på Heggebø, noko som og gir endringar på heimebane.

– Korleis me skal organisere drifta som fiskarar har me ikkje løyst, men det er heilt sikkert at det blir mindre tid på sjøen for min del, seier han og ler.

Norges Fiskarlag har om lag 4400 medlemmer fordelt på 110 lokallag.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T