Kan bli rekordsesong

I 2022 er det venta opp mot 20 000 cruise-gjester i Åkrafjorden. Reiselivsnæringa er på nytt optimistiske med tanke på framtida, trass i at hovudsesongen var over då landet opna opp igjen i september.

Image
Reiselivet i regionen er på nytt optimistiske, og håpar sesongen 2022 skal by på mange gjester. (Foto: Espen Mills)


Nina Kaltwasser i Åkrafjorden Oppleving var nyleg på den nasjonale cruisekonferansen i Bergen og presenterte planane ein har i Åkrafjorden for å stimulere til ei berekraftig satsing på lokal verdiskaping. Til neste år er det venta 400 000 cruisegjester til Haugesund Cruisehavn, etter erfaring kan opp mot 10 prosent av dei velje å ta turen inn til Åkrafjorden. Vertskapet i Åkrafjorden Oppleving overdriv dermed ikkje når dei estimererer besøk frå opp mot 20 000 cruisegjester.

– Det ser veldig positivt ut for neste år, heile sesongen frå februar til november er booka  inn for Haugesund Cruishavn. Mange av dei som hadde bestilt cruise-turar i koronaperioden vel no å gjennomføre dei, det merkar ein på talet gjester som er venta. Det blir spanande å sjå kor mange av dei som ynskjer å nytte seg av pakkane våre i Åkrafjorden, fortel Kaltwasser og viser til at sesongen 2022 truleg også blir prega av omrokkeringar, endringar i bookingar og kanselleringar før ein året etterpå kanskje ser meir normale tilstandar.

– Heile cruise-næringa står framfor det grøne skiftet, båtar blir ombygd, og det blir sett strenge krav til nedgang i utslepp. Bransjen har jobba målretta for mindre utslepp og miljøvennlege løysingar i mange år allereie. Utanom cruisegjester satsar me like mykje på aktivitetar og organiserte turar for alle typer grupper.

Spent på neste år

Sjølv om Kaltwasser og dei andre i Åkrafjorden Oppleving er optimistar framover ser dei også at hovudsesongen dette året diverre var slutt då landet opna opp igjen. Trass i korona-restriksjonar har Robert Melkeraaen i Åkrafjorden Nature B&B hatt gode besøkstal også denne sommaren.

– Me hadde 1500 gjester som prøvde aktivitetane våre i sommar. Sidan me har hatt mange nordmenn som gjester dei siste åra er me spente på korleis opninga av samfunnet vil påverke gjestetalet neste sommar. Me håpar jo å passere 2000 gjester då, seier Melkeraaen.

John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving ser også at fleire bedrifter no nyttar seg av lokale tilbod til event og julebord denne hausten, men at det først er neste år ein vil sjå resultatet av gjenopninga av samfunnet.

– Festen er over for denne sesongen, men neste år blir veldig spanande, seier han.

Planlegg bussturar

Hjå Knapphus Buss er dei også optimistiske med tanke på neste år, men meiner framleis tur-tilbodet deira vil vere fokusert mot den nasjonale marknaden.

– Eg trur nok ikkje det blir mange utanlandsturar i 2022, men det ser veldig bra ut for turar i eige land no framover, seier dagleg leiar Jørgen Dalaker. Selskapet har drive med pakketurar sidan 2004, då koronaen slo ut vart det full stopp og tøffe tider for buss-selskapet. Løysinga vart at selskapet vart ein del av Knapphus Energi.

– Det vart heilt avgjerande for oss, me hadde ikkje klart oss utan den samanslåinga, fortel Dalaker.

No er det derimot full sving med planlegging av nye turar. Allereie i starten av november arrangerer dei tur til Løne Gard på Voss der det blir smalahovefest. I mars 2022 planlegg dei blant anna tur til skøyte-VM på Hamar og i april neste år er dei klare for å køyre til det tradisjonsrike Skarverennet. Turkonsulent Per Martin Kjellesvik ser også positivt på den komande sesongen. Han legg vekt på at dei er godt i gang med planlegging av turane, og at det kan bli aktuelt med utanlandsturar for grupper som ynskjer dette spesielt, men neppe opne turar ut over landegrensene. 

– Me har mange kjekke planar no. Før jul blir det tur der ein kan få med seg både konsert på Kilden i Kristiansand og julemesse i Egersund. Me har og mange fine dagsturar i regionen, og til sommaren blir det blant anna tur til Lofoten, det blir bra, seier Kjellesvik.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T