I fullt driv

Med mange kreative sjeler i Etnebygda, kom ynskjet om å samle seg om ein felles utsalsstad. Etter mykje leiting, oppdaga dei at den perfekte plasseringa låg rett føre nasa på dei. I helga opnar kunstnarfelleskapet dørene til DRIVhuset.  


– DRIVhuset er eit bittelite prosjekt som blei til eit kjempestort eit. Det var ein liten tanke som oppstod mellom meg og kunstnar Jan Terje Rafdal, og brått var me gått frå to til ti personar som ville vere med. Me har alle drive med kvar våre prosjekt på kvar vår kant, men etter kvart auka behovet for meir plass å jobbe på, fortel Yvonne Sandgren, som er prosjektleiar for initiativet.

Dei var ei stund på leit i Etne-bygda, men oppdaga etter kvart at den perfekte lokasjonen var så sentral den kunne bli.

 – Det store drivhuset som romma det gamle hagesenteret i Etne, har stått tomt i fleire år. Det ligg i sjølve hjarta av sentrum. Då tenkte me at her må me berre lage butikkar, konsertar, kafé, kurs og ha verkstadar! Det bobla heilt over, og me bestemte at «me må berre gjere det!», seier Sandgren.

Behovet for plass og fellesskap

Ho driv sjølv butikken Prikkar i Etne, men ynskjer i større grad å lage eigne ting ho kan selje vidare. Den andre initiativtakaren, Jan Terje Rafdal, er som mange veit ein godt etablert kunstnar med eige atelier og galleri i Etne sentrum. Han ser og mange fordelar med å vere med på prosjektet.

– Eg elskar å vere med på nye prosjekt og dette er noko me har gått og tenkt på lenge. Eg kjem nok til å vere mykje i verkstaden og halde på med gjenbruksprosjekt. Eg bygger mellom anna lamper av gamle komponentar. Eg likar godt å jobbe med gamle ting, å reparere og restaurere. Det blir fint å få ein god verkstad, då det er litt utfordrande å drive med finarbeid og grovarbeid i same setting i atelieret.

Image
Annelise Grindheim ser fram til å stille ut biletkunsten sin i DRIVhuset

 Dei åtte andre er som er med, er Randi Håland som driv med smykke- og trearbeid, Annelise Grindheim, Reidun Synnøve Gravelsæter og Aud Sigrid Flesland som lagar biletkunst, Tommy Knutsen som redesigner og lagar møblar, Per Grindheim som er antikvitetssamlar og Lene Berge som har master innan kreative fag og læreprosessar. Sistnemnde lagar ulike gjenstandar innan design og handverk. For Annelise Grindheim, er DRIVhuset eit etterlengta tiltak.

– Eg flytta heim for halvanna år sidan og har jobba heime i huset mitt. Eg har sakna veldig ein arbeidsplass som eg kan gå til. Å få vere med på dette prosjektet saman med andre profesjonelle kunstnarar, er ein unik moglegheit som ein berre må gripe.

 Edna Trovanelli har eigen keramikarverkstad heime, og vil i første rekke bruke DRIVhuset som ein salsplass. Ho ser mange fordelar med å samle produkta på ein stad.

– Eg vart tidleg spurt om eg ville vere med i eit kreativt fellesskap og for meg var dette midt i blinken. Det kom heilt på rett tid og eg var ikkje i tvil om at eg skulle seie ja. Saman er me sterke og her blir me meir tilgjengelege for folk. I staden for at dei må oppsøke oss i kvar vår verkstad, kan dei no kome her og kike og møte eit breiare tilbod.

Mykje god hjelp

Image
Alle produkta i det kreative senteret er til sals.

Det har vore eit stort arbeid å få drivhuset klart til opning, og lokale tilhengarar har bidratt på vegen.

 – Folk gler seg veldig til dette, og har bidratt med alt frå planter og stoff til å sy puter av til rydding og vasking. Det elektriske er gjennomført av elektrolinja på Ølen vidaregåande. Alt er laga på lokale bidrag og me skal fylle drivhuset med lokale kunstnarar som tilbyr produkt som er laga her. Det kjenner eg at eg er veldig stolt av, seier Sandgren.

Det skortar ikkje på framtidsplanar og idéane er mange om kva drivhuset og hagen kan romme på sikt.

– Me håpar verkeleg at alle frå ti år til 110 kjem til å kome her og syns at det er ein fin stad å vere. Det skal vere ein opphaldsstad for alle og her kan ein komme for å kjøpe noko i den vesle kaféen, kike på produkt, møte folk og på sikt håpar me at me kan invitere til konsertar og andre arrangement. No i starten kjem me til å halde ope fredagar, laurdagar og søndagar. Me håpar at dette kan vere med å sette Etne på kartet og at også langvegsfarande tek turen innom for å finne produkt som er heilt unike og bruke senteret, avsluttar Sandgren.

 Drivhuset har offisiell opning fredag 22. oktober kl. 16 og dei inviterer til opningsfest laurdag 23. oktober.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T