Engasjerer seg for andre sitt arbeidsliv

Eit sakn etter meir informasjon om det å vere ny i arbeidslivet, førte til at Maria Steinstø tok saka i eigne hender og skapte Instagram-kontoen @degogjobb. No satsar ho fulltid som gründer med mål om å gjere arbeidslivet til andre betre.

Image
Marie Steinstø gjer suksess på Instagram. Foto: Inga Klokkerstuen Wangensteen.


– I starten av karrieren fekk eg ein mentor hjå Trainee Sør, og ho var heilt fantastisk. Ein slik mentor burde alle ha, og eg håpar at denne Instagram-kontoen kan fungere som litt det same. Eg starta kontoen 8. juni og har no i overkant av 3600 følgjarar. På kontoen tek eg først og fremst opp generelle rettar i arbeidslivet, flink pike/perfeksjonisme, lønnsforhandlingar og andre gode tips. Det er mykje ein skal navigere seg gjennom når ein er ny, og eg håpar kontoen kan spre god, kunnskapsbasert informasjon om dette, men også om korleis ein kan skape balanse mellom jobb og fritid. Målet er at folk som følgjer den skal få det betre i arbeidslivet og med seg sjølv, seier ho. 

Kontoen er særskilt retta mot jenter, då Maria meiner dette er ei gruppe som treng ein dytt i rett retning. Men kven som helst kan sjølvsagt fylgje Instagram-kontoen.

– Det er ein pågåande jenterevolusjon i sosiale medium om dagen, med kontoar som handlar om økonomi og sparing retta mot kvinner, men akkurat jobb er det ikkje så mange som spreier kunnskap om. Eg har mange ressurssterke venninner, men opplever stadig vekk at fleire ikkje er så oppdaterte på korleis ein til dømes forhandlar løn og andre rettar i arbeidslivet. Ikkje minst trua på seg sjølv kan til tider vere låg. Inntrykket mitt er at jenter ofte er litt for flinke til å ta alt for god fisk, og ein er redd for å framstå som masete og grisk når det kjem til løn. Som kvinne møter ein også ein del sosiale krav som gjerne menn ikkje møter. Ei venninne av meg fekk beskjed om at ho var «litt for mykje» på arbeidsplassen, medan ei anna fekk beskjed om at ho var for lite synleg. Eg får jamt og trutt tilbakemeldingar frå fylgjarane mine, og fleire deler utfordringar og ubehageleg situasjonar dei har opplevd i arbeidslivet. Dette går på alt ifrå løn til svangerskapspermisjon og #metoo. Dette viser meg at me treng større debatt og meir informasjon om desse temaene, framhever ho.

Jenter og gutar møter ulike utfordringar

Samstundes er ho tydeleg på at menn også har sine utfordringar å stå i.

– Det er ikkje slik at menn ikkje har sine utfordringar, men dei kjemper ofte mot andre hindringar enn kvinner. Me står i to ulike boksar med ulike krav og forventningar, men eg har valt å ta utgangspunkt i jenteperspektivet då det er det eg har erfaringar med sjølv. Samstundes kjem eg aldri til å meine noko om til dømes om me kvinner skal jobbe heiltid eller deltid. Målet er å skape ein kanal der ein informerer og legg grunnlaget for at kvinner sjølv kan ta kunnskapsbaserte val i livet, understrekar ho.

Viktig å stå på eigne bein

Å stå på stødige bein i arbeidslivet, er noko ho har vore oppteken av frå tidleg alder. 

– Me er tre systre og gjennom heile oppveksten har pappa prenta i oss at me må følgje draumane våre, men samstundes vere sjølvstendige og sørge for at me har eit solid fundament å stå på. Då er ein betre rusta same kva som skjer i livet. Det tok eg veldig på alvor, og eg har nok bygd CV sidan 5. klasse, ler Steinstø.

Frå Snøhetta til byplanlegging i Kristiansand

Frå verv som fotballtrenar, russepresident og deltidsjobbar i ung alder, har ho gradvis bygd seg opp med utdanning og jobb som byplanleggjar, med fleire styreverv i næringslivet på Sørlandet. At ho skulle busette seg i Kristiansand, var likevel ikkje del av planen då ho starta på utdanninga som byggingeniør i Grimstad etter vidaregåande. 

– Eg tok byggingeniørutdanninga mi i Grimstad og skreiv bacheloroppgåva mi for arkitektfirmaet Snøhetta. Draumen var å få jobb hjå dei etter endt utdanning, men då eg søkte på master i Oxford, skifta eg retning til urban design. Det gav meg eit fugleperspektiv på arkitektur, menneske og byutvikling, og eg kjende at eg verkeleg hadde hamna på rett hylle. Studietida i Oxford var intens og krevjande på godt og vondt. Eg traff folk frå heile verda og lærte utruleg mykje om meg sjølv. Då eg skulle tilbake til Noreg, var kjærasten min Rune godt i gong med jobb i Kristiansand, og me bestemte oss difor å slå oss ned der, fortel Steinstø.

Dei siste åra har ho vore tett på by- og stadsutviklingprosessar på Sørlandet og engasjert seg for utvikling og næringslivet, både gjennom jobb og på fritida.

– Utanom jobb som prosjektleiar i WSP Norge, er eg styreleiar i Agder bolig- og byplanforening, styremedlem i U40 som er ei ressursgruppe i Næringsforeningen i Kristiansand, og snart skal eg leie eit utval som skal utvikle den nye bydelen Lagmannsholmen i Kristiansand. Sidan eg flytta til Kristiansand har eg vore tett på by- og næringsutvikling, mellom anna som medlem i Eyde tenketank. Dette har vore veldig lærerikt og engasjerande, seier Steinstø.

Kostar å vere «flink pike»

Trass i eit aukande nettverk og moglegheiter, har arbeidslivet også kosta. 

– Eg har bak meg travle år med mykje jobbing, og samstundes har det vore ein prosess å stå i yrkeslivet som «flink pike». Eg er nok perfeksjonist av natur, og det var ei bratt lærekurve å komme ut i arbeidslivet. I starten av yrkeslivet var eg superstressa på jobb. Alle oppgåver kom opp i halsen. Eg drukna meg sjølv i panikk over korleis eg skulle skape det perfekte produktet eg trudde dei andre bad om, og la lista på toppen kvar gong. Det førte til at eg stadig utsette arbeidsoppgåver til siste frist og hadde eit jamt høgt stressnivå. Det var ikkje ein berekraftig måte å jobbe på, og til slutt måtte eg gå til legen og be om hjelp. Eg vart henvist vidare til kognitiv terapi, der eg fekk tilbod om eit kurs i livsmeistring. Der var me 25 personar i ulike aldrar og med ulike bakgrunnar. Der lærte eg mykje om tankemønster og korleis ein kan snu på dei. Det var særs lærerikt og etter kvart har eg lært meg teknikkar for å bruke energien rett, legge til rette for dei sterke sidene, og handtere dei svake, slik at eigenskapane blir balanserte og ikkje bikkar over, seier ho engasjert.

Satsar som gründer

I haust fekk ho eit draumetilbod frå ein spennande arbeidsgivar, og vart overraska då ho ikkje kjende den gleda over tilbodet som ho trudde ho skulle få. Dette skulle legge grunnlaget for ein ny sti i livet.

– Tilbodet var heilt rett ut ifrå kva eg har hatt ambisjonar om, men no kjende eg at det var på tide å gjere noko nytt. Frå 1. februar startar eg for meg sjølv, og eg skal gi meg sjølv eit år til å jobbe meir med blant anna @degogjobb, og sjå på kva moglegheiter ein kan få ut av det. Draumen er å skrive bøker, og at det kan spinne vidare til føredrag med meir. Basert på tilbakemeldingane og engasjementet eg får frå andre er det tydeleg eit kunnskapsvakuum om dette, og det gir meg mykje motivasjon til å satse. Sjølv om eg er ung, har eg ein del erfaringar som eg trur andre kan nytte godt av. No kjenner eg at eg er på rett plass til rett tid i livet, seier Steinstø.

Ho grua seg til å seie opp jobben, og frykta fordomar.

– Som så ofte viste deg seg at det eg grua meg til ikkje vart noko av. Kollegaene mine vart i staden imponerte og heier meg fram. Det var veldig fint, fortel Steinstø. Sjølv om janteloven framleis er tilstades i Noreg, har eg fått eit godt nettverk eg kan lene meg på Sørlandet, og fordomane eg møter er først og fremst om at eg er ung, ikkje at eg er kvinne. Eg håpar og trur at den unge alderen min kan vere ein fordel i arbeidet med Instagram-konto og bok. Det manglar ei slik bok på marknaden, og det kunnskapsholet ynskjer eg å fylle, seier ho.

Etne er heimstaden

Sjølv om ho har landa støtt i Kristiansand, er likevel gulrota i gründertilværet heime i Etne.

– Då eg var yngre sa eg at eg skulle tilbake til Etne, men eg har verkeleg funne min plass i Kristiansand. Samstundes kjøpte me tomt i Etne i somar og me har begge fleksible jobbar. Om tomta skal legge grunnlaget for hytte eller framtidig heim på sikt, er usikkert, men me gler oss veldig til å få ein opphaldsstad i Etne. Eg har alltid drøymt om å bygge noko eige, og no blir dette huset gulrota medan eg prøver meg som gründer. Når eg er heime i Etne, set eg alltid av tid til å vere ein time oppe på tomta for å kike og drøyme om korleis det skal bli. Eg er ein draumar av natur, men det kan også vere god motivasjon i det daglege, smiler Steinstø.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T