Auka omsetnad og gode reservar

Kavalkade 2021: Olav Granberg og Granberg garveri AS har stått støtt gjennom 2021. No vonar han at det verken vil vere mangel på rekruttering eller råvarer i det nye året. 

Dagleg leiar, Olav Granberg, ser tilbake på eit godt år for Granberg garveri. (Arkivfoto)

– Kva hugsar du best frå 2021?

Eg hugsar best at samfunnet byrja å opne opp att og normalisere seg samanlikna med 2020. Men også at det var vanskeleg å skaffe alle produksjonsmidlar frå inn og utland i tide. Då var det godt å ha reserver på lager. Å driva etter «just in time» prinsippet kunne ikkje gå. 

– Kva var det viktigaste som skjedde for di bedrift i fjor?

Det viktigaste for bedrifta i 2021 var at etterspørselen etter produkta våre tok seg opp att og omsetnaden auka igjen.

– Kva blir den største utfordringa for neste år?

–  Utfordringa for 2022 er å klare å oppretthalde produksjonen til å dekke etterspurnaden. Til det trengst dei rette råvarene, innsatsmidlar, maskiner, reservedelar, og ikkje minst personale. Å behalde og rekruttere mannskap er alltid ei utfordring. No har ein del utlendingar i landet byrja å reise heim att til betre tider i heimlanda sine.  

– Kva er ditt største ønskje for 2022?

–  Ønskje for 2022 er at det ikkje blir ufred og krig på våre breiddegrader. At diplomati  blir meir brukt enn våpen. Og ikkje minst at koronapandemien kan ta slutt, ikkje berre hos oss, men også i u-landa. Her må dei rike landa bidra meir.   

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T