Ute etter nye eigarar

Åsbø Sanddrift AS skal seljast etter 66 år med drift. No håpar dagleg leiar, Ivar Åsbø, at nye krefter vil ta over selskapet.  

Dagleg leiar, Ivar Åsbø, håpar dei store ressursane selskapet sit på skal foredlast vidare. 


Åsbø Sanddrift AS driv produksjon av sand, grus og singel på Tongane i Etne, samt knuseverk på Fikse for pukk og berelagsproduksjon.  

– Me sit med store ressursar på Sørheim i Etne og på Fikse i Vindafjord, fortel dagleg leiar, Ivar Åsbø. Dei siste 20 åra har me teke ut morenemassar på Sørheim i Etne, og me har drive pukkverk frå fjellmassar på Fikse sidan 2012. Me kjem til å drive fram til nye eigarar melder seg. Fleire har meldt si interesse allereie, og nokre sit i tenkeboksen, fortel Åsbø.

Tomta på Tongane som  Åsbø Sanddrift AS driv på er også for sal. Den er på 16 mål med industritomt som strekkjer seg frå Tonganevegen og ned til sjøen, med eige kaianlegg som kan ta imot store fraktebåtar. Det høyrer også med eit bygg som inneheld både verkstad og kontorfasilitetar. 

Åsbø sanddrift ligg på Tongane industriområde i Etne.

Sel også trelasttomta

– Den gamle trelasttomta som ligg attmed Åsbø sanddrift, ligg også ute på marknaden. Den inneheld lagerbygg, verkstad, kontor og butikk, og er per no eigd av meg og syskna mine gjennom Etne Eiendomsselskap AS. Til saman utgjer desse industritomtene meir enn 20 mål. Her bør det vera store moglegheiter for både eksisterande og ny næringsverksemd, seier Åsbø.

Gamal familiebedrift

– Det er klart det vert rart å selje selskapet. Det er ei gamal familiebedrift som vart starta i 1956 av far vår Åmund Åsbø. Det er hans livsverk me no vurderer å selje. Eg har hatt min arbeidsplass her i heila mitt vaksne liv, men ser at det no kanskje kan vera bra å få inn nye eigarar. Eg har tru på at Åsbø Sanddrift AS og eigendommane på Tongane har eit stort potensiale kor det bør vera mogeleg å driva vidare. Behov for tomteareal samt råvarer til asfalt og betongproduksjon kjem ikkje til å minke med åra, så me trur  dei store resursane me sit på vil bli enda viktigare i framtida, avsluttar Åsbø.  

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T