Seks millionar til Skakkesenteret

– Kulturhuset Skakke er sjølve hjarte i bygda med eit yrande liv frå morgon til kveld. Dette ønsker vi å forsterke med den største tildelinga av gåvemidlar frå Sparebanken Vest nokon sinne, seier konserndirektør Jan Erik Kjerpeseth. 

Konserndirektør i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth, og dagleg leiar ved Skakkesenteret, Gøril Eidhammer, hadde ein stor dag på jobb tysdag 26. april.

Tysdag kunne Jan Erik Kjerpeseth, konserndirektør i Sparebanken Vest, annonsere for leiinga i Skakke at banken vil tildele seks millionar kroner i gåvemidlar til oppgradering av kulturhuset. Aldri før har Sparebanken Vest gjort ei så stor tildeling til eitt enkelt prosjekt eller føremål. 

Styrke den gode fellesskapen i Etne 

Tildelinga til kulturhuset vil kome heile bygda til gode. 

– Her kjem store og små for å trene, finne seg ei bok på biblioteket, sjå ein god film på kino, feire bryllaup og konfirmasjonar, gå på konsert – det skjer jo noko her heile tida, seier Kjerpeseth, og legg til: 

– Ei av våre viktigaste oppgåver som sparebank er å bidra til å styrke den gode fellesskapen som er i bygd og by på Vestlandet – også her i Etne. Det er ei stor glede for meg og Sparebanken Vest at vi kan vere med på å realisere oppgraderinga som kulturhuset så sårt treng. 

Kan endeleg gå i gong med oppussinga 

Oppgraderinga har vore på trappane lenge og prosjektet har også fått midlar frå andre aktørar. Gåva frå Sparebanken Vest gjer det no endeleg mogeleg å gå i gong med prosjektet. 

Eit av dei viktigaste tiltaka blir å pusse opp kjøkkenet som er brukt til forskjellige arrangement. Terrassen, toaletta og vindauga skal også til pers. 

– Det er mange arrangement her i kulturhuset der det er servering, og då er det naudsynt med eit skikkeleg kjøkken. Tenk for eksempel på alle dei 2000 barna som kjem til Etne cup og som skal ha frukost, lunsj og middag, seier Kjerpeseth. 

– Dette er berre starten 

Konserndirektøren er oppteken av å vise Etnebuen at Sparebanken Vest meiner alvor når dei frå hausten av vil fullføre samanslåinga med Etne Sparebank. 

– Denne tildelinga til kulturhuset er berre starten. Vi håpar på gode søknadar frå lag og organisasjonar i og rundt Etne som har gode initiativ som kan kome folk i bygda til gode, seier han

-Betyr alt for bygda

Dagleg leiar ved Skakkesenteret, Gøril Eidhammer, var glad og rørt etter utdelinga. 

–Dette er nesten for godt til å vere sant og betyr alt for bygda. Med denne gåva kan me realisere fleire av oppgraderingane me har drøymt om i fleire år. No kan me starte på første fase som er nytt storkjøken, ny fasade og terrasse mot vest. Etne cup, Etnemarknad, karateklubben og turngruppa er nokre av dei mange som vil nyte godt av eit nytt storkjøken, og det gler oss. Dette blir eit skikkeleg løft for Skakke og dermed for bygda, avsluttar Eidhammer. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T