Riggar seg for grønare skipsfart

Sindre Matre meiner det grøne skiftet blir avgjerande for å oppnå vekst i shipping-bransjen framover. Til sommaren kjem Arriva Shipping sitt første nybygg med hybrid-løysing og batteripakke.

Image
Sindre Matre i Arriva Shipping er klar for ein grønare kvardag i skipsfarten. (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland) 


– Eg trur det går eit tog nå, ein kan ikkje sitje stille i båten og håpe at andre skal pløye opp ny mark. Krava til grøne løysingar og til å kutte utslepp blir berre sterkare, ein kan ikkje gamble på dette, seier Matre og viser til at bedrifta er i full gang med å legge ny og grønare strategi for åra framover.

– Dette står høgt på dagsorden både i leiargruppa og styret vårt no. Nybygget Nor Viking som kjem frå Kina neste år, er det største miljøprosjektet vårt. Det er eit optimalisert bygg der hovudmotoren er bygd i samsvar med EU sine krav om utslepp, i tillegg er det lagt opp hybridløysing, batteripakke og ein elektrisk gravemaskin. Totalt vil ein oppnå ein utsleppsreduksjon på om lag 40 prosent med desse løysingane.

Mange prosjekt

 Parallelt med dette jobbar Arriva Shipping med andre prosjekt, blant anna har dei mange år hatt fokus på utbygging av landstraum for å oppnå både miljø - og økonomisk effekt. Bruk av rotorseil og luft-smørt skrog er tiltak som er aktuelle å ta i bruk. Luft-smørt skrog reduserer skroget sin motstand i sjøen, slik at skroget går med same fart, men har behov for mindre kraft frå hovudmotoren.

– Prinsippet med rotorseil liknar på dei gamle seilskutene, her er det vinden som skal hjelpe deg, og dermed oppnår ein miljøgevinst. Alt dette handlar om å jobbe mot visjonen om null-utslepp, seier Matre.

Arriva Shipping er ein del av Norges Rederiforbund som har sett seg som mål at alle norske rederi frå 2030 berre skal bestille nybygg som er basert på nullutslepp. I 2050 har dei som mål at ein oppnår null-utslepp i bransjen.

– Åtte år går fort, og noko av utfordringa er at me framleis ikkje veit kva som blir framtidas nullutslepp-løysing. Men me må ha trua, og jobbe mot at målet er realistisk å nå. Forbundet vårt ligg langt framme, og eg opplever at Noreg er i førarsetet når det kjem til grøne løsyingar i bransjen internasjonalt.

– Det er fleire ting som kan bli utfordrande framover. For det første er grøn teknologi dyrt, i alle fall fram til det blir produsert i større volum, så omlegginga av drifta blir kapitalkrevjande, meiner Matre. Han viser også til at nybygget som er under bygging no etter planen skulle vore klart på nyåret, koronarestriksjonar og den pågåande energikrisa i Kina forklarer truleg ein del av forseinkinga.

Miljørekneskap

Arriva Shipping blei etablert i 1972 av Johannes Matre, i dag er hovudkontoret i Ølensvåg medan dei har avdelingar i Stavanger og Gdansk. Bedrifta har 140 tilsette, og har totalt 13 skip. I 2020 frakta Arriva Shipping om lag 4,6 millionar tonn industrirelatert last.

– Me har hatt fokus på å minske drivstoff-forbruket i mange år, i denne bransjen er marginane små og då må ein gjere det ein kan for å auke inntektene og minske utgiftene. Slik sett har me jobba med å redusere utslepp i mange år, seier Matre.

Selskapet er også i full gang med å få på plass gode miljørekneskap der ein kan fylgje arbeidet med å redusere utslepp tett.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T