Ny dagleg leiar for MCE

Erle Mæland Aasheim er ny dagleg leiar for MCE AS i Etne. Styreleiar Jan Vinje er godt nøgd med tilsetjinga og meiner ho vil styrke organisasjonen.   


Erle Mæland Aasheim tek med seg arbeidserfaring frå Vindafjord kommune og Oljedirektoratet. (Foto: Privat)


Etnesbuen er per dags dato leiar for areal og forvaltning i Vindafjord kommune, og har tidlegare jobba mellom anna som sjefsingeniør, prosjektleiar og rådgjevar i Oljedirektoratet. Ho har ein master i offshoreteknologi frå Universitetet i Stavanger og utdanning innan prosjektstyring frå BI.  

– Dette er ein lokal person me har tru på at kan styrke organisasjonen vår, fortel styreleiar og deleigar, Jan Vinje. – Ho har ein kompetanse me håpar kan tilføre oss noko nytt og spanande.

Mæland Aasheim ser fram til å starte i jobben og tek steget frå det offentlege og inn i det private næringslivet. 

– Det verka veldig spanande å få vere med å vidareutvikle MCE, som også er ei av Etne sine største bedrifter. Gjennom samtalane våre i forkant, fekk eg eit godt inntrykk av oppgåvene, styret og arbeidsplassen. Eg har også tru på at erfaringane frå dei tidlegare stillingane mine, vil bli nyttige i jobben, avsluttar ho.

Den nye daglege leiaren tiltrer stillinga hjå MCE 8. august 2022. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T