Mekk vil etablere seg i Ølen 

Butikk-kjeda Mekk vil gjerne etablere seg på Ølen Senter. No leitar dei etter den rette personen til å drive franchise-verksemda. 


Butikk-kjeda Mekk ynskjer å etablere seg i regionen, no har dei sett seg ut Ølen Senter som mogleg plassering. (Foto: Ølen Senter)


– I forhold til konseptet vårt er Ølen Senter den rette plasseringa av butikken vår. Me har det meste til både bil, båt, hus, heim og hage. Det hadde vore flott om me hadde klart å opne i mai eller juni i år, det er høgsesongen vår, seier dagleg leiar Bjørn Haakonsen i Mekk Norge.

Stort potensiale


Mekk vart starta i 2001 og har i dag 20 butikkar fordelt over heile landet. I snitt omset butikkane for om lag 8,9 millionar kroner og har i snitt tre årsverk tilsett.
– Me ser eit stort potensiale i dette området sidan me er ganske åleine om det produktutvalet me har. No er me på leit etter ein ekte kremmar, som gjerne har erfaring frå detaljhandel og dermed butikkdrift. Det er ønskeleg at personen har økonomibakgrunn, og gjerne kompetanse om dei varene me sel, fortel Haakonsen.

Spanande marknad


Plasseringa som Ølen Senter har ved sjøen er interessant for oss, både hyttefolk og båtfolk er ei stor kundegruppe i våre butikkar, i tillegg til lokalbefolkninga. Innan både bil og båt kan me få tak i det aller mest ein treng.
– Me syns det er spanande å sjå kva grep dei ynskjer å ta på Ølen Senter, og ikkje minst kva butikkmiks det blir til slutt. Me har eit klart spekk med krav som må vere på plass før me flyttar inn, men me ser potensialet i bygget.
– Som butikk-kjede vil me ta ansvar for å framforhandle avtale med huseigar og ferdigstille lokala. Me har og ein varepakke som skal inn i starten. Det pleier ikkje gå meir enn 10 dagar frå lokala er klare til me er i gang, seier Haakonsen og ber potensielle kremmarar ta kontakt.




 

 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips
T E S T